Ledige verv i kontrollkommisjonane i Vestland

Det er ledige verv i to av kontrollkommisjonane i Vestland. Søknadsfrist er 21. januar.

Publisert 06.01.2022, Sist endret 14.01.2022

Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern, og Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane.

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonane er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kontrollkommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klagar og fører velferdskontroll.

Trykk på lenkjene under for meir informasjon og søknadsprosedyre for dei ledige verva.