Undervegsrapport frå Leve heile livet
Undervegsrapporten Leve hele livet i kommunene undersøkjer korleis kommunane forstår, vurderer og arbeider med reforma.
Det er OsloMet som står bak rapporten, som du kan lese i heilskap her.
I rapporten kjem det fram at nærare 98 prosent av kommunane svarar at dei planlegg å gjennomføre Leve heile livet-reforma, og halvparten har fatta vedtak om korleis den skal gjennomførast lokalt.
Nokre kommunar vel å organisere arbeidet innanfor helse- og omsorgssektoren, medan andre organiserer det som ei breiare samfunnsreform og inkluderer område som samferdsel, kultur, plan og folkehelse. Fleire jobbar ut i frå begge perspektiv.
Rapporten viser vidare at kommunane ventar at arbeidet med reforma skal føre til meir samarbeid internt i kommunen, og med eksterne aktørar som næringsliv og frivilligheit. Les meir hos Helsedirektoratet.