Tryggleiksstandard skal betre kvaliteten på sjukeheimar

Mange eldre på sjukeheimar får god omsorg og gode tenester, men det er store skilnader i kvaliteten. Regjeringa har utvikla eit felles verktøy for å sikre god praksis på alle sjukeheimar.

Publisert 07.05.2021

Tryggleiksstandard er eit digitalt verktøy som leiarar på sjukeheimar kan bruke for å sikre eit godt og trygt tilbod for pasientane. Eit viktig mål er å redusere uønskt variasjon mellom sjukeheimar. Verktøyet er ferdig testa og klar til å takast i bruk.

Tryggleiksstandarden er eit viktig tiltak i Leve heile livet-arbeidet.

Verktøyet er tilgjengeleg på ressursportal.no, som er ein kunnskapsbank for analyse og planlegging av helse- og omsorgstenestene i kommunane.