Ny ernæringsstrategi for å betre kosthaldet for eldre

Strategien God og riktig mat hele livet skal bidra til betre kosthald og gode måltidsopplevingar for eldre som bur på sjukeheimar og eldre som tek imot heimetenester.

Publisert 21.05.2021

Feil- og underernæring blant eldre er eit omfattande problem. Med den nye ernæringsstrategien vil regjeringa bidra til å skape gode måltidsopplevingar og redusere feil- og underernæring blant eldre i sjukeheimar og som mottek heimetenester, i tråd med måla i Leve heile livet-reforma.

Strategien har tre innsatsområde:

  • systematisk ernæringsarbeid
  • tilstrekkeleg og riktig kompetanse
  • mat- og ernæringsoppfølging som er tilpassa brukarane sine individuelle behov og ønsker

Strategien presenterer nye tiltak og kan lesast i sin heilskap her.