Mobilisering og samhandling i Leve heile livet

Korleis skape det aldersvenlege samfunnet gjennom samhandling på tvers, og korleis få til brei deltaking? Dette var viktige tema på Leve heile livet-konferansen for Vestland

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.12.2020

Aldersvenleg utvikling er alltid lokalsa prosjektleiar i KS, Anne Berit Rafoss i sitt innlegg på konferansen, som gjekk føre seg digitalt 1. desember. 

Leve heile livet er eit stort nasjonalt løft og det er stor vilje til realisering av eit meir aldersvenleg samfunn. Det viktigaste arbeidet skjer i kommunar og lokalsamfunn og då trengst motivasjon, kunnskap og medverknadRundt 200 deltakarar følgde den digitale konferansen, og kunne samle fagkunnskap og erfaringar til bruk heime. 

Fylkesmannen i Vestland, saman med det regionale støtteapparatet for Leve heile livet - Vestland var arrangørar, og gjennom eit mangfald av innlegg fekk vi innspel frå ulike perspektiv. 

Nytenking og samhandling på tvers 

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Frøydis Høyem, gav ros til kommunane og oppfordra til vidare nytenking og mangfald. Ho løfta særleg fram Kinn kommune, som har gjort eit særs godt arbeid for eit aldersvenleg samfunn, og som fekk den nasjonale Leve hele livet-prisen i år. 

Det trengst nokon som banar veg. Desse endringsagentane må vi ta godt imot. Nytenking er nødvendig for å få til godt utviklingsarbeid, framheva Kari Annette Os frå Helsedirektoratet i innlegget sitt.  

I fleire av innlegga på konferansen vart det peika på at godt samarbeid på tvers er avgjerande for å lukkast i arbeidetDette viser seg å vera utfordrande å få til i kvardagen. Rådgjevar Jorunn Jacobsen Folgerø-Holm i Bømlo kommune framheva viktigheita av å utvikla eit felles språk og å utfordra etablerte tankemønster.  

Det er ingen typiske eldre  

Mange av innlegga på konferansen peika på tilpassing og medverknad. Gruppa eldre har like stort mangfald som andre aldersgrupper og medverknad kan føre til mange gode løysingar, sa Rafoss i innlegget sitt.  

Meierigården i Lillehammer har ambulerande dagaktivitetstilbod. Dagleg leiar Ruth Elisabeth Engøy heldt eit engasjerande innlegg om eit tilbod basert på mangfald og aktiv deltaking. Ho løfta også fram viktigheita av å vere medmenneske og at ho ikkje vil verta kalla frivillig i møte med vener og naboar som treng hjelp.  Bente Lofnes frå Sunnfjord kommune gav eksempel på mangfaldig aktivitet i dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens.  

Teknologisk utvikling på brukarane sine premissar  

Konferansen gav også eit innblikk i bruk av GPS og i kommunikasjonsteknologi for å motverke einsemd.  Generalsekretær i  Nasjonalforeningen for folkehelsen, Mina Gerhardsen, snakka om korleis bruk av velferdsteknologi kan skapa tryggleik for brukarar og pårørande.  

Då pandemien starta sette regionen Sunnfjord i gang eit stort prosjektarbeid innan bruk av digitale verktøyNettbrett kan ikkje fullt erstatta menneskemøte, men resultata frå prosjektet er gode og skal utviklast vidare. Prosjektleiar Kjell Olav Bondevik frå Luster kommune og Annette Eri Norevik frå Sunnfjord kommune gav gode eksempel på korleis bruk av nettbrett har skapt ein betre kvardag for mange. Prosjektet har fått mykje økonomisk støtte og mange fleire nettbrett skal handlast inn.  

Konferansen sette også fokus på etiske utfordringar i bruk av velferdsteknologi. Kommuneoverlege i palliasjon i Stavanger kommune, Aart Huurninkframheva at respekt, omsorg og tillit er viktig i dette arbeidet og at brukaren sine ynskje må vega tyngst på vektskåla.  

Ingen tsunami, men mange mogelegheiter 

Harald Ekroll, leiar i fylkeseldrerådet for Vestland, snakka om tilrettelegging for medverknad. Eldre gjer ein stor innsats i samfunnet, sa Ekroll, og viste til at frivilliginnsatsen i Stryn kommune var over 8.800 timar i 2017. Dette ​utgjer over 4,5 årsverk og betyr svært mykje.  

Leiar i Råd for et aldersvennlig Norge, Trude Drevland, avslutta konferansen, og gav oss tydelege råd på vegen vidare. Vi fekk innspel til korleis vi kan gå frå problemfokus til å sjå ressursar og mogelegheiter.  Vi har ikkje ei negativ eldrebølge eller ein tsunami, sa Drevland. Vi må ha større fokus på eldre som ressursar. Vi vil og kan bidra, og sit med stor kompetanse, sa Drevland, med tydeleg oppfordring til dei mange deltakarane. 

Presentasjonane frå samlinga finn du under «Dokument».

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.