Gnist som ledd i kompetansebygging for aldersvenleg samfunn

Gnist er eit nytt innovasjonsprogram for kommunar som vil bygge kompetanse og utforske nye samarbeidsmodellar for attraktive, berekraftige og tilpassingsdyktige lokalsamfunn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.10.2020

I arbeidet for eit aldersvenleg Norge må ein sjå tiltaka i eit berekraftsperspektiv, for å kunne skape lokalsamfunn som er gode å bu og leve i heile livet. Innhaldet i Gnist kan gje auka kompetanse i å utvikle gode lokalsamfunn for alle aldrar på en heilskapleg og inkluderande måte i kommunane.

Programmet er et samarbeid mellom DOGA, Nordic Edge, Distriktssenteret, KS, Siva, Leverandørutviklingsprogrammet for innovative anskaffelser (LUP), Loft4 og Growlab, og er særleg retta mot distriktskommunar.

Les meir om innovasjonsprogrammet Gnist på nettsida til Doga.

Dersom du vil delta på digitale workshops eller melde inn utfordringar til innovasjonskonkurransen finn du skjema under.

Gnist – kompetansedelen (frist 30. oktober 2020): Skjema for påmelding til digitale workshops

Gnist – innovasjonsdelen (frist 11. desember 2020): Skjema for å sende inn utfordringer til innovasjonskonkurransen