42 millionar til mindre einsemd og meir aktivitet for eldre

Kommunar og frivillige organisasjonar i Vestland har fått over 42 millionar kroner til tilrettelegging for meir aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap for eldre.

Publisert 06.11.2020

Koronapandemien har ført til ei einsam tid for mange eldre. Avgrensingar på sosialt fellesskap, aktivitetar og stengde møteplassar har prega kvardagen. No har kommunar og organisasjonar fått ekstra tilskot til å legge til rette for meir aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap for eldre. Tilskota kan brukast i 2020 og 2021. Tiltaka skal gjennomførast med trygge smitteverntiltak slik at ingen skal vere redd for å verte smitta med covid-19.

Motverke einsemd blant seniorar og eldre

Tilskotet Aktivitetstiltak for å motverke einsemd (19 296 900 kroner) skal bidra til tiltak som skaper aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplassar gjennom utvikling og vidareutvikling av eigne tilbod til målgruppa. Kommunane i Vestland og frivillige og ideelle organisasjonar har søkt og fått tildelt midlar frå denne ordninga. Her er målgruppa seniorar og eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad.

Oppretthalde aktivitet og sosial kontakt

Tilskotet Aktivitetstilbod og besøksvert (23 627 523 kroner) er til tiltak for eldre personar som er langtidsbuande på sjukeheimar og i omsorgsbustader med heildøgers bemanning. Målet er å stimulere til innovative tiltak for å oppretthalde aktivitet og sosial kontakt slik at personar i målgruppa får aktive og meiningsfulle kvardagar, gode opplevingar og sosial kontakt med sine næraste. Kommunane kunne søke i samarbeid med privat, ideell og frivillig sektor. I Vestland har mange kommunar søkt om og fått tildelt midlar frå denne ordninga. Mange vil samarbeide med frivillige og organisasjonar om lokale tiltak.  

Oversikt over mottakarar og tildelte tilskot finn du under «Dokument».

Her kan du abonnere på nyhende frå Fylkesmannen i Vestland.