Elevar kan søkje om dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk

Høve til å søke om fritak frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk gjeld for elevar ved studieførebuande utdanningsprogram. Dispensasjonen gjeld ikkje engelsk.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.08.2020

Kven kan få innvilga dispensasjon

Det er to overordna vilkår som må oppfyllast for at Statsforvaltaren skal kunne innvilge dispensasjon:

  1. Den som søkjer er eller har vore elev i vidaregåande opplæring – studieførebuande utdanningsprogram.
  2. Vidare må den som søkjer vere så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar at individuell tilrettelegging ikkje er tilstrekkeleg for å sikre likeverdige mogelegheiter til opplæring.

Utdanningsdirektoratet har presisert at punkt 2 er oppfylt om minst eit av krava under er dokumentert i søknaden. Dette inneber at søkjaren enten må ha:

  • eit einskildvedtak om spesialundervisning i framandspråket frå grunnskulen fordi eleven er så sterkt råka av dysleksi eller spesifikke språkvanskar
  • eller einskildvedtak om spesialundervisning i framandspråket frå vidaregåande opplæring fordi eleven er så hardt råka av dysleksi eller spesifikke språkvanskar
  • eller uttale frå sakkunnig om at det er openbert at tiltak gjennom spesialundervisning i framandspråket ikkje vil føre til at eleven får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa sidan eleven er så sterkt råka av dysleksi eller spesifikke språkvanskar

Søkjarar med andre dokumenterte utfordringar kan òg få dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk. For desse søkjarane vil Statsforvaltaren gjere ei individuell vurdering av om dei dokumenterte utfordringane ligg nær opp til dysleksi og språkvanskar når det gjeld kva konsekvensar utfordringane gir den einskilde i språkfaget. Desse søkjarane må i tillegg oppfylle vilkåra 1. og 2.

Slik søkjer du om dispensasjon

Er du elev i Vestland og meiner du oppfyller vilkåra, så sender du søknad om dispensasjon til Statsforvaltaren i Vestland. Statsforvaltaren rår likevel til at elevar som skal søkje, sender søknaden sin via skulen. Dette er for å kvalitetssikre søknaden og gje skulane eit oversyn over talet på elevar som søkjer.

I tillegg til søknadsbrev må søknaden innehalde:

  • Vurdering/rapport frå sakkunnig instans om at du har dysleksi eller spesifikke språkvanskar og graden av desse vanskane.
  • Stadfesting frå skulen om at du er elev i studieførebuande utdanningsprogram ved skulen.
  • Dokumentasjon som stadfester at minst eitt av krava over frå Utdanningsdirektoratet er oppfylt.
  • Dokumentasjon frå skulen som gjer greie for kva tiltak som er forsøkt i tilrettelegginga av framandspråket.

Kva inneber det å få innvilga slik dispensasjon

Ein dispensasjon gir fritak frå kravet om vurdering med karakter i det aktuelle framandspråket. Dette inneber at:

  • Dispensasjonen gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering, og eleven skal ikkje vere med i eksamenstrekket for framandspråket.
  • Om eksamen i faget er gjennomført før dispensasjonen vert innvilga, skal eksamen annullerast.
  • Eleven skal ha opplæring i faget, i tillegg til halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.
  • Om eleven har fått eksamenskarakter eller standpunktkarakter i faget, skal skuleeigar stryke desse.
  • På vitnemålet skal skulen føre FAM02 (fritatt frå vurdering med karakter).

Ordninga gjeld ikkje for privatistar.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.