Statsforvaltaren si rolle og myndigheit i skulemiljøsaker

Statsforvaltaren har gjennom handhevingsordninga myndigheit til å vurdere skulens arbeid for skulemiljøet til enkeltelevar. Vi kan gjennom denne ordninga gi skuleeigar pålegg om korleis skulen skal arbeide vidare med eleven sitt skulemiljø.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.01.2023

Illustrasjonsbilete

Kva er føremålet med handhevingsordninga?

Handhevingsordninga handlar om å sikre at eleven får si skulemiljøsak prøvd av ei myndigheit utanfor skulen, og som skal sjå til at eleven får oppfylt retten til eit trygt og godt skulemiljø. Statsforvaltaren har difor som rolle å vurdere om skulen har gjort det den skal etter opplæringslova sine reglar om aktivitetsplikta (opplæringslova § 9 A-4).

Dersom vi finn at skulen ikkje har gjort det den skal, er rolla vår å hjelpe skulen i korleis den skal arbeide vidare for at eleven kan få oppfylt retten til eit trygt og godt skulemiljø.

Korleis melder eg sak til Statsforvaltaren?

Du kan melde sak anten ved å følgje lenkja «Melde frå om mobbing eller dårleg skulemiljø», sende oss ei skriftleg melding via meldingsskjemaet, eller du kan ringe til oss på telefon 90 91 50 45. Vår telefontid er måndag til fredag 10:00 - 14:00. Send oss gjerne ei skriftleg melding via meldingsskjema dersom du ikkje får kontakt med oss per telefon, så vil vi gje deg eit svar så snart som råd. Meldingsskjemaet er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon.

Sjølv om det er ein lav terskel for å melde skulemiljøsak til Statsforvaltaren, er det likevel nokre vilkår som må vere oppfylte:

  • meldinga må kome frå eleven, eller føresette med foreldreansvar for eleven, som ikkje har det trygt og godt på skulen
  • eleven må på meldingstidspunktet vere elev på den aktuelle skulen
  • det må ha gått minst fem arbeidsdagar sidan de har fortalt rektor at eleven ikkje har det trygt og godt på skulen
  • meldinga må handle om at eleven no for augeblikket ikkje har det trygt og godt på skulen

Kva skjer etter du har meldt sak til oss?

Vi ber skulen sende inn dokumentasjon

Dersom du sender inn ei melding til oss, vil vi ringe til deg for å få vite meir om kva som var bakgrunnen for at du melde sak til oss. Vi vil og ringe til skulen for å informere om meldinga. Dersom vilkåra for at vi kan handsame saka er oppfylte, sender vi eit brev til skulen for å be skulen om dokumentasjon som viser korleis den har arbeida for skulemiljøet til eleven.

Skulen får normalt 10 arbeidsdagar på å sende denne dokumentasjonen til oss. Dokumentasjonen skal og sendast i kopi til deg som meldar, med unntak for dokumentasjon som inneheld personopplysningar om andre.

Vi skriv vedtak i saka

Når Statsforvaltaren har mottatt dokumentasjon frå skulen, vurderer vi om aktivitetsplikta er oppfylt. Dette gjer vi ved hjelp av dokumentasjonen vi har fått frå skulen. I nokon saker vil vi og invitere eleven til ein samtale med oss.

Dersom ein eller fleire av delpliktene ikkje er oppfylte, og eleven framleis er elev ved skulen, kan vi gi skuleeigar pålegg om kva skulen skal gjere vidare i saka. Dette kan til dømes vere å påleggje skulen å undersøkje skulemiljøet grundigare eller å setje inn fleire tiltak i elevens skulemiljø. Skulen får ein frist for når pålegga må vere oppfylte.

Dersom du er ueinig med vedtaket vårt, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker etter du fekk vedtaket.

Vedtak er sendt ut, kva skjer no?

Statsforvaltaren fortset å følgje opp saka heilt til vi finn at skulen har oppfylt pålegga vi ga i vedtaket. I denne delen av saksgangen, vil vi rettleie skulen og skuleeigar i korleis dei skal arbeide for å oppfylle pålegga. Dette gjer vi hovudsakeleg gjennom orienteringsbrev. I nokon saker har vi og rettleiingsmøter med skuleeigar og skulen når vi har høve til det.

Dersom ein skule eller skuleeigar ikkje viser nokon evne eller vilje til å gjennomføre våre pålegg, kan det vere aktuelt for oss å gi skuleeigar tvangsmulkt. Tvangsmulkta handlar ikkje om å straffe, men om å drive fram handling for at pålegga skal bli oppfylte.

Statsforvaltaren avsluttar saka

Statsforvaltaren avsluttar saka frå vår side når vi finn at skulen har oppfylt pålegga vi ga i vedtaket. Dette betyr at skulen vil fortsetje arbeidet med elevens skulemiljø, men utan å sende oss tilbakemeldingar om status på dette arbeidet .

Dersom du seinare opplever at skulen ikkje gjer det den skal, kan du igjen melde sak til oss. Hugs at du først må snakke med rektor om at du meiner skulen ikkje gjer nok for elevens skulemiljø.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktinformasjon

Sikker melding:

Du kan sende oss ein sikker melding. Dette er ein kryptert kanal der du kan sende sensitive opplysningar på ein trygg måte. Vi oppmodar deg til å bruke denne viss det gjeld einskilde elevar/saker.

E-post:

For generelle førespurnadar om regelverket kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon om einskilde elevar/saker via e-post. E-postadresse: sfvlpost@statsforvalteren.no

Telefon:

Dei som jobbar med skulemiljøsaker hjå oss kan nås på telefonnummer 90 91 50 45. Telefontid er måndag til fredag 10:00 - 14:00.

Send oss gjerne ei skriftleg melding via meldingsskjema dersom du ikkje får kontakt med oss per telefon, så vil vi gje deg eit svar så snart som råd.