Tokkeåi naturreservat

Tokkeåi naturreservat.
Tokkeåi naturreservat. Foto: Sigve Reiso.

Tokkeåi naturreservat ligg i dei bratte liene langs Tokkeåi i Tokke og Vinje kommunar og er utvida med dei bratte sørvendte liene på begge sider av Berglibekken ovanfor Dalen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.11.2019, Sist endret 13.03.2023

Området har ein særskild pedagogisk og naturvitskapeleg verdi som eit av dei største registrerte kløftesystema i Noreg. Her finn ein uvanleg velutvikla neverlavsamfunn, rike samfunn av mikrolav på alm og mange sjeldne og trua artar.

Utvidingsområdet kring Berglibekken er prega av rike vegetasjonstypar med fleire varmekrevjande artar som er sjeldne så langt inn i landet. Området er eit "hotspot-område" for sjeldne og trua artar av særleg sopp, men òg karplanter, mosar og lav. Ein kan finne lågurt-eikeskog utanfor kløftesystemet.

Områda er verna for å ta vare på eit særmerkt skogområde med stor variasjon av element som er viktige for det biologiske mangfaldet, i form av eit stort samanhengande kløftesystem med variert topografi og sjeldne naturtypar som fuktige bergveggar og skogmiljø på rasmark, lavrik lauvskog med regnskogpreg og grunnlendte førekomstar av kalkbarskog.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding