Hæstad naturreservat

Hæstad naturreservat ligg nordvest for Spokkeligrend og Veum kyrkje i den nordre delen av Fyresdal. Reservatet utgjer eit større ås- og fjellparti øst for Mjåvatn og nord for garden Hæstad. Mot nord grenser reservatet til Tokke.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.11.2019, Sist endret 13.03.2023

Området er dominert av fattig barskog. Kjernepartia inneheld særs gamal grovvoksen og urørt blåbærgranskog. Det finst rikare sørberg og område med rasmark med element av lågurtgranskog, rik boreal lauvskog og opne rasmarkparti med lågurt- og høgstaudeflora opp mot 900 mo.h. Nokre stadar finn ein innslag av stor gamal gadd av furu og mykje læger av bjørk.

Hæstad har ein særskild pedagogisk og naturvitskapeleg verdi som eit representativt høgareliggande nordborealt skog- og heiområde i Vest-Telemark/Setesdalsregionen.

Området er freda for å ta vare på eit stort og samanhengande område med lite påverka og urørt granskog.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding