Fugldalen naturreservat

Fugldalen naturreservat.
Fugldalen naturreservat. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

Området ligg inn for Kleivgrend i Fyresdal kommune, om lag 15 km nordvest for nordenden av Fyresvatn. I vest følgjer vernegrensa i stor grad fylkesgrensa mot Agder.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.11.2019, Sist endret 13.03.2023

Reservatet inneheld i hovudsak varierte skog- og heiområde der vatnet i nedslagsfeltet renn austover til Øysævatn, i fyrste rekke gjennom Fugldalen og Gilbergdalen. Området er eigenarta i form av stort innslag av gamle grove furutre, grove læger og tørt virke. Landskapet er prega av store og små dalar med små og store myrer, mellom til dels markerte fjelltoppar og nutar. Nokre mindre kløfter og fossefall finst, men området kan ikkje seiast å ha svært dramatisk topografi.

 

Området er freda for å ta vare på eit stort og samanhengande område med lite påverka og urørt barskog. Området har ein særskild pedagogisk og vitskapeleg verdi som eit representativt høgareliggande nordborealt skog- og heiområde i Vest-Telemark/Setesdalsregionen

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding