Sjekk kartet før du plukkar ramsløk!

Sesongen for plukking av ramsløk er i gang. Men viss du plukkar i eit verneområde kan det vera forbode.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Pestotrend gir slitasje
Ein trend dei seinare år er å bruka blada til å laga pesto, og mange plukkar store mengder som hamnar på kjøkkenbenken. Ramsløk veks i nokre av Vestfold og Telemark sine rikaste edellauvskogar. Nokre av desse er verna, og her er det i hovudregelen forbode å plukka planter.
- Vi har fått meldingar om at ein no ser slitasje på bestand av ramsløk i enkelte av verneområda, fortel fagsjef Arne Christian Geving på miljøavdelinga hos Fylkesmannen. – Dette handlar nok først og fremst om uvitenhet.

Sjekk kartet før du plukkar
Artsdatabanken har kart over registrerte forkomstar. Samtidig kan du sjå kvar det er verneområde, slik at du ikkje plukkar uloveleg.
Sjekk kartet over ramsløk på Artsdatabanken.no
Plant ramsløk i eigen hage
Hugs at du og kan plante ramsløk i eigen hage. Hagesentra seljer frø og plantar, og kan gje gode råd.

Les meir om "nordens kvitlauk" og nokre gode "ramsløkvettreglar" her...
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding