Østersdugnaden 2021 er no avslutta

Stillehavstøsters. Foto: SFVT

Østersdugnaden 2021 er no avslutta og det vart fjerna heile 34 193 kilo av den framande arten stillehavsøsters frå kysten vår i 2021. Det er ny rekord! 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.11.2021

Østersdugnaden har vorte arrangert for tredje år på rad og det igjen er det sett rekord i kor mange stillehavsøsters som har vorte plukka. Svært mange har bidratt i arbeidet med å fjerne stillehavsøsters frå naturen vår og vi takkar for ein stor innsats frå alle involverte! 

Stillehavsøsters har nok komme for å bli i naturen vår, og vi har ikkje moglegheit til å fjerne han heilt. Men vi ser at plukkinga har ein god effekt lokalt og prioriterer plukking i friluftsområde og område med sårbar natur. Østersførekomstar blir kartlagt i kartløysinga på Østersdugnaden sine nettsidar og plukkedugnader blir arrangert i område der det er stort behov for plukking.

 

Stor innsats i 2021

Fjorårets dugnader vart noko avgrensa på grunn av korona, men i år var det igjen moglegheit til å arrangere større plukkedugnader. Nær 200 dugnader (både små og store) vart meldt inn i alle kystkommunar. Dette er ein kjempeinnsats der både enkeltpersonar, familiar, skuleklassar, lag/foreiningar og organisasjonar bidrar. Det er meldt inn ca. 34 tonn plukka gjennom østersdugnaden.no, men i tillegg til dette kjem alt som er plukka på private strender og andre område som ikkje er meldt inn til oss. Det er nok derfor mogleg at den reelle mengda østers som er fjerna er endå større.

Østersdugnaden bidrar til å frakte vekk plukka østers, enten på faste innsamlingspunkt langs kysten eller ved registrering på Østersdugnaden sine sider. Der kan alle enkelt registrere det dei plukkar og melde inn behov for henting av plukka skjel. Plukka østers i storleiksorden «trillebårlass» kan komposterast på eigen eigedom.

På Østersdugnaden sine sider kan ein òg finne mykje nyttig informasjon om stillehavsøsters, enten det gjeld plukking, handtering av plukka skjel eller mattrygleik. Det er òg utarbeidd ein plukkeveileder som kan lastast ned frå nettsida.

 

Samarbeidsprosjekt

Østersdugnaden er eit samarbeidsprosjekt mellom Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og Fylkeskommunen i Vestfold og Telemark. Østersdugnaden samarbeidde som tidlegare år også i 2021 tett med friluftsråda i fylket, Oslofjordens Friluftsråd (OF) og Grenland Friluftsråd (GF). I tillegg bidrog personar i arbeidstrening frå NAV.

Saman med Østersdugnaden sin eigen feltansvarleg, utgjorde dei to friluftsråda ein stor del av feltmannskapet for prosjektet. Dei har sørgt for opplæring av dugnadsgjengar, utlån av utstyr, gjennomføring av kartleggingar og ryddedugnader, og bortkjøring av østers.

Kommunane har bidratt med informasjon til innbyggarane lokalt, og Skjærgårdstjenesten har frakta folk, utstyr og plukka østers til og frå øyar. Begge har òg bidratt til prosjektet med verdifull informasjon om kva område som bør ryddast.

 

Sårbare naturområde og verneområda

Det er stor overlapp mellom område med viktige naturverdiar og friluftsområde. Viktige bløtbunnsområder i strandsona og ålegrassamfunn er nokon av naturtypane som er sårbare for stillehavøsters.

Mange av verneområda som Statsforvaltaren forvaltar er viktige trekkområde for fugl, og forstyrringar i desse områda bør avgrensast til eit minimum i hekke- og trekktida. Østersdugnaden har eit eige opplegg på seinhausten/tidleg vår for kartlegging/plukking i verneområda.

denne kartløysinga kan du sjå kor det er kartlagt viktige naturtypar og kor verneområda ligg.

Det er òg svært viktig at det skiljast mellom den nært trua flatøstersen og stillehavsøstersen når det blir plukka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontakt

Fungerende direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding