Klimasats-prosjekta er nybrotsarbeid

Så langt har Klimasats støtta 1472 prosjekt i alle fylka i landet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.08.2021

Sidan 2016 har Miljødirektoratet forvalta Klimasats, ei støtteordning for kommunar som vil kutta utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lavutslippssamfunnet. Så langt har Klimasats støtta 1472 prosjekt i alle fylka i landet.

− I løpet av desse åra har ei rekke kommunar byrja å jobba systematisk med klimaarbeid, og mange av Klimasats-prosjekta er nybrotsarbeid med stor overføringsverdi for andre kommunar. Men det er framleis eit stort potensial for meir klimavennlige kommunar i alle delar av landet, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

I vårt fylket har mellom anna desse kommunane fått tilskot

  • Færder kommune skal kartlegga og gjennomføra tiltak for å redusera matsvinn i helse- og oppvekstsektoren.
  • Nissedal kommune skal rehabilitera og bygga om ein gammal lokstall (Lokstallen er frå 1913‐1914 og har ein lokal og regional kulturminneverdi) til ein klatrehall, og ønsker å greia ut klimavennlege materiale og energiløysingar.

På heimesida til Miljødirektoratet finn du oversikt over kommunane i vårt fylket som har fått tilskot og forklaring av kva prosjektet går ut på.

 

Søknadsfristar i 2021 

Hovudsøknadsfrist var 15. februar, men for nokon typar tiltak det er fleire søknadsfristar.

Den 15. august og 15. november kan ein søka om:

  • meirkostnad for klimatiltak i konkrete innkjøp
  • tidleg kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg
  • ladepunkter, berre for kommunar som har fått lite, eller inga trygd til dette tidlegare

Les meir om søknadfristane, formål og kven som kan søke på heimesida til Miljødirektoratet.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.