Idéverksted om klimavennleg samfunnsutvikling

Illustrasjon: Miljødirektoratet/Hyperredink/Uniform
Illustrasjon: Miljødirektoratet/Hyperredink/Uniform

Klimakrønsj er eit idéverksted for tilsette og folkevalde i kommunane arrangert av Miljødirektoratet i september. Temaet i år er å finna nye og meir effektive måtar å jobba med klimavennleg samfunnsutvikling og planlegging.

 
Publisert 11.06.2021

Kva er klimakrønsj?

Klimakrønsj 2021 blir gjennomførte som digitale sesjonar frå klokka 9.00 til 13.00, den 22, 23, 29 og 30 september. Det er ein open prosess, i den forstanden at deltakarane sjølv er svært aktive i prosessen og vil definera utfordringane og foreslå løysingar.

Som deltakar får du fagleg påfyll frå ekspertar, moglegheita til å utvikla idear og ny kunnskap, konkrete døme frå andre kommunar og ikkje minst eit større fagleg nettverk. Mykje av idéverkstedet vil føregå i grupper på 5-6 personar, leidd av ein fasilitator.

Innhald

Dette er aktuelle spørsmål for haustens idéverksted:

  • Kva meiner vi eigentleg med "klimavennlig samfunnsutvikling"? 
  • Kva er utfordringane for å få det til? 
  • Kva utfordringar kan kommunane løysa, og kva må andre lause? 
  • Av dei utfordringane kommunane kan gjera noko med: Kva grep kan vi ta? 
    Kva skal til for å lykkast? F. eks: 
  • Korleis sørga for at klimaomsyn blir godt varetatt i planverket og planprosessane?
  • Korleis sikre at planane blir følgde opp i kvardagen?
  • Kva slags planar, prosessar og plassering av ansvar gir størst effekt?
  • Korleis kan vi engasjera alle delar av kommuneverksemda i arbeidet med klimavennlig samfunnsutvikling?
  • Korleis kan sektoren eg kjenner best, bidra til eit meir klimavennlig lokalsamfunn?
  • Korleis kan og bør innbyggarar og lokalt næringsliv involveras?

Dei konkrete forslaga til korleis kommunane kan styrka arbeidet med klimavennlig samfunnsutvikling, skal på sikt delast med alle kommunar.

Vi hos Statsforvaltaren vil varmt anbefala kommunane å delta. Erfaringa vår er at slike idéverksted skapar nyttig og annereldes læringsprosess gjennom diskusjonar, utveksling av erfaringar og idear og samskapning av løysingar. I tilegg blir det gitt mykje fagleg påfyll og gode døme gjennom ein stødig fasilitering frå Miljødirektoratet.

Påmelding og eit redusert antal plassar

Idéverkstedet er gratis, men blir gjennomført med ei avgrensing på 50 deltakarar. Påmeldingsfristen er knapp, så hiv dykk rundt og søk om plass innan 21. juni.

Søknadsskjema og meir informasjon om arrangementet finst på Miljødirektoratets nettsider.