Landbruksplast – nødvendig, men i blant problematisk

Foto: Marita Bruun

Forum landbruksplast er etablert som ein ny nasjonal møteplass for aktørar som ønskjer å finne løysingar på problemet med landbruksplast i naturen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.12.2021

Elvar av plast

NRK-serien Plasthavet har vist oss at plastforureining er eit stort problem som vi saman må finne løysingar på. I elvar på Vestlandet er det funne tre gangar så mykje plast frå landbruket som frå alle andre kjelder til samanPå Austlandet ser ein ofte spor av plast langs jordekantar og i bekkar eller plastflak som heng oppe i tre som følgje av hard vind. Kvart år nyttar landbruket over 13 500 tonn plastemballasje. Sjølv om 90 prosent av dette blir gjenvunne, hamnar likevel over eitt tonn plast i naturen kvart år, deriblant i vassdraga våre.

Nasjonalt engasjement
Statsforvaltaren i Vestland har saman med Bioregion Institute teke initiativ til eit landsomfattande forum for landbruksplast. Det nasjonale Forum landbruksplast har som mål å samle kreftene for å finne gode løysningar på dette problemet. Forumets medlemmar består av representantar frå landbruksføretak, organisasjonar og verksemder til renovasjonsselskap, forsking og utdanning, og forvalting. Saman skal aktørane i forumet skape aktivitet som medverkar til å redusere og få betre kontroll på landbruksplasten. Dette gjeld både det som er allereie finst i naturen i dag, og plast som står i fare for å bli ei kjelde til vidare forsøpling.  

Heilt konkret vil medlemene i Forum landbruksplast stå i bresjen for ulike typar aktivitet og aksjonar knytt til plast. Ved å kople ulike aktørar i plasten si verdikjede skal forumet fungere som ein inkubator for løysingar, og opne opp for idear, prosjekt, kampanjar og utviklingsarbeid innan feltet.

Forum landbruksplast skal vere adressa der gardbrukarar, entreprenørar, forsking, frivillige organisasjonar, handel, politikarar, statleg og kommunal forvalting, finn informasjon dei måtte trenge. Plattforma er historisk med tanke på at alle aktørar samlast på ein plass. Difor er det knytt store forventingar til synergieffektane dette vil gje.

Forumet har etablert ei mellombels nettside som skal tilby informasjon som kan nyttast alle med interesse for temaet. Det er også sendt ut eit nyhetsbrev.

Aktivitet frå 2022
Frå 1. januar går Forum landbruksplast inn i ei treårig etableringsfase, der jobben med å skaffe nødvendig finansiering av planlagde aktivitetar held fram. Vi håper på samarbeid med fleire offentlege og private aktørar som kan støtte opp om denne nasjonale utfordringa.

Forumsarbeidet vil ha fokusområde som t.d. rydding av plast frå naturen, førebygging, og erstatning av fossil plast med alternative løysingar. Det er planlagt fleire verkstadar, aktivitetar og kampanjar som vil finne stad i ulike regionar i heile landet. 

Ta gjerne kontakt med oss: post@forumlandbruksplast.no 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.