Følg med, skogeigarar!

Etter den andre tømminga av feller med granborkbiller denne sesongen, har NIBIO oppgradert sitt risikovarsel for granborkbiller til lokalt høg risiko i Vestfold og deler av Telemark. Kartutsnitt frå NIBIO.

Mengda granborkbiller i skogane i Vestfold og Telemark er no høgare enn på mange år. Statsforvaltaren og kommunane er bekymra for at vi kan få eit utbrot kor billene drep frisk granskog. Nå ber dei skogeigarane gå ut og skaffe seg oversikt over situasjonen i egen skog.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.06.2021, Sist endret 01.07.2021

Ti av kommunane i Vestfold og Telemark er med i «barkbilleovervåkingen» i regi av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Sidan 1979 har NIBIO gjort årleg registrering av borkbillebestandane i samarbeid med offentleg forvalting. Det er eitt eller fleire fangststadar i kvar kommune, kor feller som skal fange granborkbiller ved hjelp av luktstoff, vert montert i april og står til midten av august. Fire gonger i løpet av sesongen tømmer kommunen fellene, måler mengda granborkbiller og rapporterer til NIBIO.

Enorme mengder granborkbiller

Førre veke vart den andre felletømminga for sesongen gjennomført. Resultata frå Vestfold og Telemark, og store delar av Østlandet, gir grunn til bekymring. Det har vore ei stor auke med granborkbiller i fellene sidan i fjor. Hittil i år er det fanga i gjennomsnitt 15 000 biller i kvar felle i Vestfold og 12 000 biller i kvar felle i Telemark. Til samanlikning vart det gjennom heile sesongen i 2020 fanga snautt 12 300 biller per felle i Vestfold og drygt 13 600 i Telemark. Det er store lokale variasjonar.

Lokalt er mengda med biller over nivået for utbrot, som av NIBIO er anslått til 30 000 granborkbiller pr. felle i gjennomsnitt. Nivået for utbrot vil seie at mengda granborkbiller er så stor at dei kan angripe og drepe friske grantre. I fellene som vart tømt førre veke, var det flest granborkbiller i Re, Lardal, Holmestrand, Stokke og Porsgrunn. Dei tre fyrstnemnde stedane er det hittil i år allereie fanga over 30 000 granborkbiller per felle.

-Vi har aldri tidlegare opplevd å finne så mange granborkbiller i fellene, seier blant andre landbruksrådgjevar Espen Nordstrand ved Grenland landbrukskontor, rådgjevar Berit Nordby Pettersen i Tønsberg kommune og skogbrukssjef Bjørn Elnan i Holmestrand kommune. Sistnemnde har arbeidd med skog i Sande og Holmestrand i meir enn 30 år, og kan bekrefte at skadeomfanget i granskogen har auka dei siste åra. -Det var mykje granskog som vart angripen av granborkbiller i fjor sommar, og det er truleg mange biller som har overvintra i bakken. Sist vinter vart mykje av skogen i øvre høgdelag skadd av snø. Mange tre har knekt, og slike svekka tre gir billene gode føresetnadar for å yngle. Det vert hogd mykje i Holmestrand nå, og vi oppfordrar skogeigarane til å bestille hogst i skadd skog, seier Elnan.

Tørke og svekka tre er årsak

Det er alltid granborkbiller i norske skogar. Dei angrip tre som allereie er svekka av tørke og skadar. Billene borer seg inn i borken på store grantre, kor dei parar seg og legg egg. Når egga klekker, gneg larvene i seg næring mellom borken og veden i trea, før dei forpuppar seg og nye granborkbiller flyg ut etter ei tid.

Når granborkbillene får rikeleg tilgang på svekka skog, slik dei fekk etter tørkesommaren 2018, kan dei auke populasjonen betydeleg. Tunge snømengder vinteren før tørkesommaren og no sist vinter har gitt brekkskader som òg har bidrege til å svekke granskogen si motstandskraft. Om det vert eit nytt, omfattande borkbilleutbrot, slik vi hadde på slutten av 1970-talet, avhenge av ver og vind i sommar og åra som kjem.

- Viss vi får nye tørkeperiodar, snøskader og vindfellingar, vil billene kunne fortsette å auke i talet, samtidig som granskogen vil slite med å hente seg inn att etter tørkeskadane, seier fagsjef for skog hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Knut Ivar Løken. -I motsett fall, vil granskogen gradvis verte meir vital og i betre stand til å stå imot borkbilleangrep, så vi må nesten håpe på ein kjølig og nedbørrik sommar, seier Løken.

Skogeigarar må ut i skogen

Hittil i sommar er det meldt om få ferske billeangrep i ståande skog, men spesielt skog i nærleiken av skog som vart angripen i fjor og skog med mykje snøskadar (toppbrekk og stammebrekk) er utsett for angrep.

Frå borkbillene angrip eit tre til tømmerkvaliteten er redusert til biovirke, går det berre 3–4 veker. Den nye generasjonen med biller er ferdig utvikla etter 5-6 veker i dei varmaste lokalitetane, men som regel oppheld dei seg endå ei stund under borken før dei flyg ut. Skogeigarar må derfor oppsøke granbestand i skogen sin regelmessig gjennom heile sommaren og sjå etter granborkbiller. Jo tidlegare ein oppdagar nye billeangrep, jo meir effektiv vert kampen mot billene, og jo meir av tømmerverdien kan ein redde.

Dersom angrepet av stor granborkbille er ferskt, og trestammen ikkje er skylt av regn, vil du kunne sjå brunt boremel på stammen der billa har gått inn i borken. Ofte må ein undersøke laget mellom borken og veden for å finne ut om det er borkbiller der og kva for ein art det er snakk om. Viss skogeigar tar med kniv på skogturen, vil ein fort kunne finne ut om det er aktive biller og larver under borken. NIBIO har laga fine illustrasjonsvideoar som viser korleis ein kan kjenne att stor granborkbille og granborkbilla sitt gangsystem under borken. Videoane er tilgjengelege på Landbruksdirektoratet si nettside om borkbilleberedskap.

Avtal hogst

Når ein har hogd tre med mange granborkbiller under borken, er det viktig at tømmeret vert frakta ut av skogen så snart som mogleg, før nyklekte biller flyg ut. Det aller meste av hogst vert gjennomført av profesjonelle aktørar på oppdrag av skogeigar. Skogeigarsamvirka og andre tømmerkjøparar er innstilte på å prioritere hogst og uttransport av tømmer i områda med størst borkbilleangrep. Skogeigar bør derfor ta kontakt med tømmerkjøpar så snart som mogleg etter at eit stort omfang av tre med granborkbiller er observert, slik at ein kan vurdere tiltak og gjere avtale om eventuell hogst. Skogbruksleiar kan saman med skogeigar vurdere kva for tiltak som er aktuelle og når de skal gjennomførast.

-Ordrebøkene er fulle og køyreplanane er lagt for de næraste vekene, men vi ber likevel skogeigarar om å ta kontakt. Vi gjer det vi kan og er førebudd på å omstille oss for å bidra til å redusere borkbilleskader, seier organisasjonssjef Olav Bjella i Viken Skog og skogsjef Knut Nesland i AT Skog. Dei representerer dei to største skogeigarsamvirka og tømmerkjøparane i vårt fylke. Nortømmer og SB Skog er andre aktuelle tømmerkjøparar.

Graner som allereie er drepne av borkbiller, og kor borkbillene har forlate treet, kan sparast frå hogst. Dei kan huse naturlege fiendar av granborkbillene og har dessutan tapt meir enn halvparten av sin tømmerverdi. Det vil vere viktigare å prioritere hogst av tømmer som nyleg er angripe av biller, kor billene vil følge med tømmerstokken ut av skogen og framtidige angrep vert redusert. Det er òg viktig å hogge hogstmoden skog i nærleiken av skog som er angripen av granborkbiller, slik at tømmeret bevarer sin verdi både for skogeigar og som råstoff for sagbruks- og treforedlingsindustrien. Tømmer som er hardt angripe av granborkbiller vil fort tørke og verte misfarga av blåvedsoppar som granborkbillene ber med seg.

Førebygging viktig

For å hindre at granborkbillene får god tilgang på svekka granskog, er det viktig å heile tiden gjere førebyggande tiltak i skogen. Skogeigarar bør sørge for at det vert rydda opp i vindfall og skog som er skadd av snø. Ungskog må følgjast opp med lauvrydding og avstandsregulering, slik at det vert danna stabile bestand med vitale tre.

Nokre skogeigarar har spurt om det er aktuelt å sette ut billefeller i stort omfang, slik det vart gjort på 1970- og 1980-talet. Skogforskinga har kome fram til at kostnadane ved dette vil vere mykje høgare enn nytten, og at det ikkje er eit aktuelt tiltak. Utkøyring av nyangripe tømmer med biller i er den mest effektive billefangsten.

Nokre hendingar som svekker granskogen, slik som tørkesommaren 2018, er det umogleg å gardere seg mot. Slike hendingar er ei påminning om at klimaendringar kan få konsekvensar for tømmerproduksjonen. Skogbruket arbeider med å legge til rette for langsiktig skogproduksjon. Bruk av furu i staden for gran på tørkeutsett mark er eitt av tiltaka som vert vurdert når ny skog skal etablerast etter hogst.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.