39,3 millionar kroner til miljøtiltak i jordbruket

Miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel i Notodden. Foto: Everdien van Weeghel, SFVT

Dei førebelse satsane for regionale miljøtilskot for jordbruket er no fastsett. For enkelte tiltak er det gjort nokre justeringar av vilkåra. I tillegg blir det innført tilskot til klimarådgiving.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.06.2021

I jordbruksavtalen fekk Vestfold og Telemark tildelt 39,3 mill. kroner til søknadsomgangen 2021. Førebelse tilskotssatsar gjeld for 2021, og søknadsfristen er 15. oktober. Satsane kan ut frå omfanget av søknader bli justerte noko opp eller ned før utbetaling av tilskotet, som skjer 11. mars 2022.

Tal omsøkte meter til soner for pollinerande insekt (dvs. stripar med blomsterplantar på jordbruksareal) auka betydeleg frå 2019 til 2020. Det er positivt at oppslutninga om dette nye tiltaket aukar, men av budsjettmessige grunnar er det er for søknadsomgangen 2021 sett ei avgrensing på 2 000 meter pr. føretak, og satsen er nedjustert til 10 kr pr. meter.

For tilskotet til drift av sete med mjølkeproduksjon er det viktig å merka seg at minstekravet til periode med mjølkeproduksjon på setra er redusert frå seks til fire veker. Dette gjeld heile landet og er vedtatt i samband med jordbruksoppgjeret.

For tilskot til ingen jordarbeiding om hausten skal det takast i bruk nye erosjonsrisikokartar for søknadsomgangen 2021. Det er no tatt omsyn til reelle hellingslengder, i staden for standard 100 m. Det blir òg brukt meir detaljerte meteorologiske data. Dei nye karta viser noko høgare erosjon i Vestfold enn i dei gamle kartane. I Telemark er det mindre endringar. Dei førebelse satsane er ei vidareføring av tilskotssatsane som tidlegare år.

I jordbruksoppgjeret 2020 vart det bestemt at klimarådgiving skal innlemmast som tiltak i RMP. Ordning gjeld frå 2021, og er ei treårig pilotordning. Formålet med ordninga er å stimulera til kunnskapsoppbygging rundt klimagassutslepp, karbonbinding og klimatilpasning for bonden, med sikte på å få gjennomført klimatiltak i jordbruksproduksjonen på føretaket. Førebels sats for tilskot til klimarådgiving er sett til kr 4 000 pr. føretak for en-til-en rådgiving og kr 2 000 pr. føretak for grupperådgiving.

Fullstendig oversyn over førebelse tilskotssatsar finn du her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.