Miljøutfordringar i vatn og vassdrag

Goksjø i Sandefjord kommune. Foto Hilde Marianne Lien, SFVT

I Vestfold og delar av Telemark er jordbruket den største påverknadsfaktoren i vatn og vassdrag, og ambisiøse tiltakspakker må til for å møta utfordringane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.06.2021, Sist endret 15.06.2021

Dette er åkerareal med korn, grønsaker og potet. Det medfører avrenning av jord og næringsstoff til vassdraga, som gjer at den økologiske miljøtilstanden ikkje er god nok mange stader. Grunne innsjøar i jordbruksområda er svært prega av eutrofi, og tilstanden i leirvassdraga er heller ikkje god nok. Oslofjorden treng avlastning, og innsjøar med drikkevatn vern.

I samband med rullering av dei regionale vassforvaltningsplanane for 2022-2027 har det vore lagt ned eit omfattande arbeid med nye og oppdaterte tiltakspakker i jordbruket. Faglaga, kommunane og vassområda har saman med Statsforvaltaren arbeidd med dette. Kunnskapsgrunnlaget har vore godt denne gongen. Miljøtilstanden registrert i Vann-nett er baserte på lengre seriar med prøvetaking, og kunnskap om avrenninga frå jordbruket er levert frå NIBIO gjennom nye analyser i Agricat P. Kor mykje dei ulike innsjøane og elvane treng å avlastast med (kg fosfor) er òg kjent.

Analysane i Agricat P viser at jordbruksdrifta har gått i positiv retning dei siste 10 åra mtp avrenning til vatn, men klimaendringar gjer behovet for tiltak endå større.

Fylket er delt inn i tiltaksområde som følgjer nedbørfeltgrenser. 32 av desse områda har fått eigne lokalt tilpassa pakker med miljøtiltak for jordbruket. Pakka er summen av dei pågåande tiltaka pluss ambisiøse aukar i tiltak for 2022-2027. Totalt sett har framleis tiltaket «Ingen jordarbeiding om hausten» det største omfanget og den største effekten. Generelt er det òg lagt inn i pakka ein markert auke i grasdekte kantsoner langs vassdrag og vassvegar inne på areala. Det same gjeld bruk av fangvekstar, som er lagt inn med ein kraftig auke. Nye tiltak med å lage fangdammar, hydrotekniske tiltak og erosjonssikring er naudsynte investeringar for å møta utfordringane frå klimaendringar med auka nedbør og flaumproblematikk.

Gjennomføring av tiltakspakkene blir ei stor utfordring framover. Meir informasjon om dei lokale vassmiljøutfordringane må ut til gardbrukarane, og fleire planar med tiltak på gardsnivå må utarbeidast. Frivillige tiltak med tilskot frå SMIL og RMP er sentrale, og mykje er oppnådde. I tillegg skal det i planperioden 2022-2027 vurderast innføring av regionale miljøkrav for visse område i fylket. Dette vil innebere at gardbrukarane blir pålagt eit sett av miljøtiltak. Den påkravde auken i miljøtiltak i jordbruket vil totalt sett utløyse større trong for økonomiske rammer gjennom SMIL og RMP. Tilskotsnivåa er allereie i dag på eit kritisk lågt nivå for avrenningstiltaka.

Les meir om vassarbeidet på våre heimesider

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner