Tilskot ved produksjonssvikt i grovfôr: oppstart av arbeid

Søknadsfristen er ute, og me har tatt fatt på sakshandsaminga. Stor saksmengd gjer det naudsynt å innarbeide gode sakshandsamingsrutinar.

Publisert 16.11.2022

Alle søknadane må innehalde informasjon om avling og om naturgjevne tilhøve og agronomiske tilpassingar. Nytt gjerne eit av skjemaa ‘Informasjonsskjema for søker’ eller ‘Kontrollskjema for kommune’ til datafangsten. De kan alternativt skrive ein prosatekst som inneheld dei same opplysningane.

Vedlagt søknaden skal det i tillegg til informasjonsskjemaet, også fylgje gjødslingsplan for 2022 og ‘Noteringsskjema avlingssvikt grovfôr’ (beitelogg).

Kommunen skal gje si fråsegn i ELF. Av hjelpeteksten i høgremargen går det fram kva som skal med i fråsegna. Sjølv om skadebiletet er det same på fleire søknadar, må skildringa med i kvar einaste søknad.

Når me nå står i startgropa for sakshandsamingssesongen, vil me oppmode kommunane til tett dialog med Statsforvaltaren. Vona er at me saman får til å innarbeide gode rutinar for effektiv sakshandsaming.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark styrka sakshandsamingskapasiteten denne sesongen. Heile tre sakshandsamarar skal jobbe med vekstgruppe grovfôr.