Kontroll av gjødslingsplan i søknadar om produksjonstilskot og avløysartilskot

Det er, noko uventa, avdekt manglande og mangelfulle gjødslingsplanar hjå ein del gardbrukarar.

Publisert 16.11.2022

Dei som søker om tilskot ved produksjonssvikt, vekstgruppe grovfôr, skal i år leggje gjødslingsplan ved søknaden. No viser det seg at nokon av gjødslingsplanane ikkje fyller krava som er sette i Forskrift om gjødslingsplanlegging.

I Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd, § 11, andre ledd heiter det:

"Ved brudd på forskrift 1. juli 1999 nr. 791 om gjødslingsplanlegging skal tilskuddet avkortes".

Rundskriv 2022-75 poengterer at det dreier seg om ein skal-regel, der graden av mangel ved gjødslingsplanen avgjer storleiken på avkortinga.

Dersom ein søkjar har kryssa av for at han har gjødslingsplan, men ikkje har det, eller at gjødslingsplanen er mangelfull, skal kommunen også vurdere å korte etter § 12 i Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd, der det heiter: "Dersom foretaket uaktsomt eller forsettlig har gitt feil opplysninger i søknaden som har eller ville dannet grunnlag for en urettmessig utbetaling".

Merk at forsettligheten skal vurderast. Vurderingane kommunen gjer, må vere skriftlege.