Søknad om mudring i Farelva, frå Steinsrud til Farbukta, Skien

Høringsfrist:
23. juni 2020

Formålet med tiltaket er å legge ein vassleidning for å betre tryggleiken til vassforsyninga. Sjøleidningen er planlagd lagt frå Steinsrud til Farbukta, med ilandføring på begge sider.

Publisert 26.05.2020

På vegne av Skien kommune søkte Cowi den 18. mai 2020 om løyve etter forureiningsregelverket til mudring av ei leidningsgrøft i Farelva i Skien kommune. Formålet med tiltaket er å legge ein vassleidning for å betre tryggleiken til vassforsyninga. Sjøleidningen er planlagd lagt frå Steinsrud til Farbukta, med ilandføring på begge sider.

Ved dei to landinntaka er det nødvendig å mudre totalt 130 m2 elvebotn med eit masseuttak på totalt 345 m3. Grøftene skal fyllast igjen med oppgravde massar. Det er i tillegg søkt om å sprenge i elvebotnen over eit areal på 350 m2 ved to delområde i leidningstraseen. Alle sprengde massar, og dessutan andre massar ueigna for tilbakefylling i grøfta, skal leverast til godkjent mottak. Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå lekter og frå land.

Farelva er ein del av Skiensvassdraget, som er anadromt vassdrag for laks og aure. Området langs elva er registrert som eit svært viktig friluftsområde, som m.a. blir nytta som fiskeområde. I Miljødirektoratet sin Naturbase kjem det fram at tiltaket det er søkt om ikkje vil få følgjer for registrerte marine naturverdiar.

Det er utført dykkarundersøking som viste at botnen primært består av sand og stein. Landinntaket ved Farbukta består av større stein, og det er ikkje tatt sedimentprøvar frå dette området. Det er tatt ut prøvar ved landinntaket ved Steinsrud, som har vorte analysert for miljøgifter. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse I og II etter klassifiseringssystem for sediment (02:2018).

 

Eventuelle kommentarar til søknaden må sendast til:

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på epost til fmvtpost@fylkesmannen.no innan 23.06.2020