Statusoppdatering - Leve heile livet

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet har laga gjennomføringsplan for andre halvdel av eldrereforma i Vestfold og Telemark. Reforma går føre seg i perioden 2019-2023.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.07.2020, Sist endret 14.11.2022

Gjennomføringsplanen finn du i boksen "Dokumenter" til høgre på sida.

Sjølv om mykje har fungert bra med e-post-kommunikasjon og møter på Teams, Skype og etter kvart fysisk for nokre få av gongen, har det ikkje vore mogleg å halde dei planlagde samlingane og fokuset på reforma så sterkt som ynskja.

Kommunanes planarbeid held fram og dei har fått tilbod om eit nettbasert digitalt program for prosessplanlegging, med utgangspunkt i vegleiaren «Eit hjelpemiddel for planlegging av lokalt arbeid med kvalitetsreforma for eldre», utarbeida av KS konsulent. Vegleiaren ligg i dokumentoversikta på denne sida.

Avhengig av innspel frå kommunane kan det òg vere aktuelt med andre nettverk, kompetanseheving og støtte, både i regi av KS og Utviklingssentera for sjukeheim og heimetenester i Vestfold og Telemark. Sjå vedlegga i gjennomføringsplanen. 

Ei satsing som er på plass i Vestfold og Telemark er Matgledekorps; ei satsing for auka fokus på mat og matglede hjå eldre som får bistand frå dei kommunale tenestene. Prosjektet vert leia av Statsforvaltaren si landbruksavdeling.

Vi tilrår å abonnere på nyheiter frå Helsedirektoratet der nyheitbrev og oppdateringar frå det nasjonale støtteapparatet blir lagt ut. Sjå under Lenker på denna sida.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.