E-læringskurs om vanedannande legemiddel

Forsvarleg rekvirering av vanedannande legemiddel er viktig for folkehelsa. Eit e-læringskurs om temaet er tilgjengeleg på Helsebiblioteket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.11.2018

E-læringskurset «Forskrivning av vanedannende medikamenter» skal gi meir kunnskap om når legen skal starte, unngå og avslutte behandling med vanedannande legemiddel i oppfølginga av ein pasient. Målet med kurset er å presentere reelle, praksisnære dilemma frå legekvardagen.

Her finn du kurset: E-læringskurs om forskrivning av vanedannende legemidler 

Kurset bygg på nasjonal fagleg rettleiar om temaet: IS-2014 Nasjonal faglig veileder vanedannende legemidler – rekvirering og forsvarlighet

Statsforvaltaren følgjer med på rekvireringspraksisen til legane i fylket, og skal bidra til forsvarleg praksis når at legane rekvirerer og skriv ut legemiddel.

Rett rekvirering er mellom anna viktig for trafikktryggleiken. Den nye førarkortforskrifta som kom i oktober 2016 stramma inn bruken av trafikkfarlege medikament.