Nasjonale prøver 2021 - Kva no?

sittende studenter som har prøve
sittende studenter som har prøve Foto: mostphotos.com.

Resultata frå i år viser at elevane i Vestfold og Telemark ligg på om lag same nivå som landssnittet. Gutane gjer det betre enn jentene i rekning, medan jentene gjer det betre enn gutane i lesing.

Publisert 16.11.2021

Kva er nasjonale prøver?

Føremålet med nasjonale prøver er å gje skulane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet.

Resultata blir publisert på ein skala med eit gjennomsnitt på 50 skalapoeng og standardavvik på 10. Resultata blir i tillegg publisert saman med tala på elevar på kvart meistringsnivå.

Du får oversikt over sentrale tal og statistikk i analysebrettet på UDIR sine heimesider.

Skilnader mellom gutar og jenter

Gutane i Vestfold og Telemark på 5. årstrinn scorar i snitt tre skalapoeng høgare i rekning enn jentene. I engelsk scorar gutane eitt skalapoeng høgare enn jentene, medan jentene er eitt skalapoeng betre enn gutane i lesing.

På 8. trinn kan vi òg sjå forskjellar mellom kjønna. Gutane i Vestfold og Telemark på 8. årstrinn scorar i snitt eitt skalapoeng høgare i engelsk enn jentene medan jentene scorar tre skalapoeng høgare enn gutane i lesing. I rekning scorar gutane tre skalapoeng høgare enn jentene.

Skilnadene held fram også på 9. trinn. Jentene scorar fire skalapoeng høgare enn gutane i lesing, medan gutane scorar tre skalapoeng høgare enn jentene i rekning.

Vestfold og Telemark og resten av landet

På 5. trinnet gjer Vestfold og Telemark det likt med landssnittet i lesing og rekning, i engelsk scorar 5. trinnet eitt skalapoeng lågare enn landssnittet.

På 8. og 9. trinnet gjer Vestfold og Telemark det likt med landssnittet i engelsk, medan i lesing og rekning scorar trinna ett skalapoeng lågare enn landssnittet.

Her finn du meir informasjon om dei nasjonale prøvene

Utdanningsdirektoratet sin analyse for 5. trinn 2021

Utdanningsdirektoratet sin analyse for 8. og 9. trinn 2021

Resultat 5.-8. og 9.trinn

Analysebrettet