Korona- og vaksinasjonskart for Vestfold og Telemark

Kommunane utarbeider kvar veke ei risikovurdering ut frå det lokale smitte- og vaksinasjonsbiletet. Statsforvaltaren lagar så ei regional risikovurdering og sender rapport til Helsedirektoratet.

Publisert 09.02.2021

Risikovurderingane og relevant statistikk vert presentert i Korona- og vaksinasjonskart for Vestfold og Telemark.

Risikovurderingane er mellom anna basert på følgjande faktorar:

  • nivå og utvikling av førekomst av smitta (insidensen),
  • testaktivitet
  • kva grupper som er ramma, f.eks kjønn, alder, fødeland, smittestad (utanlands eller utanfor kommunen) om smittevegene er kjente for dei fleste tilfella og
  • om tilfella er del av kjente utbrot.

Situasjonsrapportane (epidemiologisk situasjonsrapport) som vert utarbeidd kvar veke av Statsforvaltaren, kan du finne under "dokumenter". I rapportane ligg óg lenke til korona- og vaksinasjonskart for fylket vårt, som fungerer som eit elektronisk vedlegg til desse rapportane.