Grunnkurs i økonomisk rådgiving

Dato:
23. mai 2022 09.00 - 24. mai 2022 14.00
Sted:
Digitalt - Nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som treng kunnskap om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving.
Påmeldingsfrist:
19. mai 2022 23.59

Statsforvaltarane inviterer til digitalt grunnkurs i økonomisk rådgjeving. Kurset rettar seg mot tilsette i Nav som treng kunnskap om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Du kan melde deg på kurset no.

Publisert 25.04.2022

Viss tidspunktet for dette kurset ikkje passar, arrangerer vi tilsvarande grunnkurs 18.-19. mai 2022. 

 

Dette er kurset for deg som:

  • skal kunne gi generell og/eller individuell økonomisk rettleiing uavhengig av om ein er statleg eller kommunalt tilsett
  • er leiar for tilsette som skal gje økonomisk rettleiing
  • har vedtaksmynde på området økonomisk rettleiing

 

Kvifor tilbyr vi dette kurset?

Økonomisk rådgjeving er ei lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova paragraf 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav, og tilsette i Nav treng grunnleggjande kunnskap om tenesta og aktuelle tema for å kunne gi generelle råd og rettleiing, og for å kunne vise personar med større problem til ein spesialist innan økonomisk rådgjeving.

Mange kan ha økonomiske problem sjølv om dei ikkje gir uttrykk for det. Difor er det viktig at tilsette i Nav har kunnskap om økonomisk rådgjeving om dei avdekker slike problem.

 

Etter kurs skal du sitje att igjen med:

  • kjennskap til når brukar kan få tenesta økonomisk rådgjeving
  • kjennskap til rolla som økonomisk rådgjevar
  • kunnskap om dei ulike nivåa for rådgjevinga
  • kunnskap om korleis hjelpe brukar med personleg økonomi
  • kjennskap til heilskapleg løysing for brukar sin gjeldssituasjon
  • kunnskap til å hjelpe med førespurnad til Namsmannen om utleggstrekk og utleggspant
  • kjennskap til pengekrav, misleghald og forelding

 

Forkunnskap

Vi oppmodar deg til å lese igjennom modulen «Råd og veiledning av brukere med økonomiske problemer».

 

Praktisk informasjon

Føredragshaldarar på grunnkurset er Daniel Bergamelli og Lise Marie Engbakken.

Kurset er digitalt og går via Microsoft Teams. Vi sender lenkje til e-postadressa til dei som har meldt seg på 20. mai.

Vi kjem til å publisere program og klokkeslett for dei to kursdagane seinast veka før kurset.

Har du praktiske spørsmål kring påmeldinga, ta kontakt med Daniel Bergamelli eller Lise Marie Engbakken. Er du usikker på om du er i målgruppa eller har spørsmål til kurset, kan du ta kontakt med Daniel Bergamelli eller Lise Marie Engbakken. Kontaktinformasjon i høgremenyen.

 

Statsforvaltaren sitt kurstilbod innan økonomisk rådgjeving

Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvalteren i Trøndelag held felles kurs for fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

Statsforvaltaren tilbyr tre typar kurs: basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs.

I år tilbyr vi desse kursa, som blir gjennomført digitalt:

Påmelding

Dato:
23. mai 2022 09.00 - 24. mai 2022 14.00
Sted:
Digitalt - Nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som treng kunnskap om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving.
Påmeldingsfrist:
19. mai 2022 23.59