Besøk fra statsråd Karianne Tung

Publisert 14. november 2025 kl. 00:00
|
Oppdatert 6. juli kl. 13:31

I begynnelsen av november fekk vi besøk av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung i våre lokale på Leikanger.

Gruppebilde av statsråd Karianne Tung og representanter fra Statsforvalteren i Vestland og STAF.
Gruppebilde av statsråd Karianne Tung og representanter fra Statsforvalteren i Vestland og STAF. Foto: Håvard Myrvang / STAF.

Saman med Statsforvaltaren i Vestland fekk vi høve til å vise at statsforvaltarane står i sentrum av samspeltenestene mellom stat og kommune – og STAF utviklar løysingane som bind dei saman. Etableringa av STAF har allereie vist at fellesløysingar og deling av data gir konkrete, målbare resultat.

Under besøket presenterte vi to døme:

⚖️ Ny digital søknadsportal for rettshjelp
Brukaren kan no søkje om rettshjelp på ein felles digital inngang, utan å måtte forhalde seg til kven som behandlar saka

Løysinga:
● hentar automatisk data frå offentlege register
● fungerer på tvers av etatar og fagsystem
● er integrert med nasjonale fellesløysingar
● ivaretek personvern og informasjonssikkerheit fullt ut

Dette er eit viktig steg for å gjere møtet med offentleg sektor enklare og meir brukarvennleg.

🔍 Kommunebilde – betre kunnskapsgrunnlag, betre dialog
Kommunebilde samlar data frå fleire kjelder i ei oversiktleg og visuell framstilling av situasjonen i kvar kommune.

Det gir:
● betre grunnlag for vurderingar
● eit felles faktagrunnlag i dialogen mellom statsforvaltaren og kommunane
● ei meir målretta innretning av innsatsen

Verktøyet har også styrkt samarbeidet mellom statsforvaltarembeta.

Takk til Karianne Tung, Audun Otterstad, Timothy Szlachetko og ordførar Stig Ove Ølmheim for besøket og gode diskusjonar!