Vere utviklar i STAF

Hos oss får du jobbe med dyktige og hyggjelege kolleger, og får heile vegen utfordre deg og lære nytt. I STAF får du moglegheit til å utvikla deg gjennom spennande prosjekt og arbeidsoppgåver.

Klar for å ha det gøy på jobb?

Vi ser etter deg som vil vere med å digitalisere og modernisering av landet vårt. Vi har og vil ha eit godt arbeidsmiljø, med trivelege kolleger som tek deg godt imot.

Leikanger og Bergen er berre to av våre 17 kontorplassar. Dei fleste utviklarane våre har kontor på Leikanger, eller i Bergen. Kompetansen til folka våre er ulik, noko som gjer at vi til saman er sterke og kan få til mykje. Vi ser verdien i kvart enkelt menneske, og prøver å utvikle alle i den retninga dei helst ønskjer.

Kva utviklar vi, og kva teknologi nyttar vi?

Vi utviklar alt av nettsider og programvare som statsforvaltarane og innbyggjarane nyttar i kvardagen sin.

Når du utviklar, saman med oss, får du vere med å utvikle verktøyet gjennom heile livsløpet. Frå ideen oppstår, når vi planlegg teknologi, utviklar og til vi feirar lansering med kaker og brus. Mange som jobbar hjå oss har vore her lenge, fordi vi kan tilby nye utfordringar og oppgåver med nye utviklingsprosjekt, og ved å la dei jobbe med ulik teknologi. Her får alle prøve seg.

For oss er det viktig å vere oppdatert på teknologi og metodikk, difor føl vi heile tida med på kva som skjer. Når du kjem med innspel, så blir du lytta til.

 

Sitat frå Trym som først var lærling hjå oss:

"Berre det å få ha lærlingetida her var prikken over i' en"

No er Trym ingeniør, og er fast tilsett ved kontoret vårt i Bergen.