Kommunen si rolle
Kommunen er ein viktig del av totalberedskapen. Han skal førebyggje og handtere kriser og hendingar, sørgje for at viktige tenester fungerer, og samarbeide med andre aktørar.
Totalberedskap og totalforsvar
Totalberedskap handlar om korleis vi som samfunn planlegg for og handterer alvorlege hendingar. Det inkluderer:
- kommunal og statleg beredskap
- samordning mellom aktørar
- støtte til Forsvaret gjennom totalforsvaret
- eigenberedskapen til innbyggarane
Totalforsvaret er summen av dei sivile og militære ressursane i landet. I ein alvorleg krisesituasjon og i væpna konflikt har Forsvaret behov for varer, tenester og tilgang til infrastruktur.
Det kan gjelde transport, drivstoff, bygningar, helsetenester og maskiner. Dette er varer og tenester som offentlege og private verksemder og privatpersonar kan bidra med. Til gjengjeld kan Forsvaret i fredstid bidra med ressursar til sivil krisehandtering.
Vi samordnar sivil støtte til Forsvaret og vurderer konsekvensane ved rekvisisjon av sivile ressursar (forsvaret.no).
Eigenberedskap
Styresmaktene tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i inntil éi veke. Då kan kommunar og naudetatar prioritere å hjelpe dei som treng det mest i ei krise.
Du finn råd og informasjon om eigenberedskap på Sikkerhverdag.no
Korleis følger Statsforvaltaren opp totalberedskapen?
Vi har ei nøkkelrolle i å samordne den sivile og militære beredskapen på fylkesnivå. Vi utarbeider FylkesROS, leier fylkesberedskapsrådet og rettleier og følger opp kommunane.
Ved større hendingar kan vi ta samordningsansvar for krisehandteringa.