Feiring av Kurv frå Valdres – ein nasjonal matskatt

Jørand Ødegård Lunde, Valdres Natur- og Kulturpark (t.h) og Guri Grønolen, Statsforvaltaren i Innlandet (t.v.) hadde ansvar for gjennomføring av publikumskåringa av kurv.
Jørand Ødegård Lunde, Valdres Natur- og Kulturpark (t.h) og Guri Grønolen, Statsforvaltaren i Innlandet (t.v.) hadde ansvar for gjennomføring av publikumskåringa av kurv. Foto: Lene Hovi.

Tonar frå nokre av dei fremste solistane i verda fyller frisk fjelluft, sola varmar våryre nordmenn og  freistande dufter stig opp frå bugnande lokalmatbuer: Det er sommar, og Kurv frå Valdres og Valdres Sommarsymfoni ber inn til fest på Fagernes.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.07.2022

Kurv frå Valdres

Vi kaller ho kurv, spekepølsa som vert laga på ekte Valdres-vis. Ho som har fått "geografisk beskyttet betegnelse" av Stiftelsen Norsk Mat, ei merkeordning som set kurven på same hylle som til dømes Frankrikes champagne og roquefort, Italias parmaskinke og regionens eigen rakfisk.

Frå midtvinters til "gauken har gale" om våren, heng ho på stabbura i det tørre og kjølige klimaet i Valdres og godgjer seg. 

Kåring av beste kurv

Kurvekåringa vert arrangert kvart år i juni. Eit dommarpanel smakar seg gjennom dei påmeldte kurvane og dømmer etter smak, tekstur og utsjånad, samt over 20 underkategoriar. Fagjuryens pris for beste kurv i 2022 gjekk til Bente Rakstad/Moahaugen Gård for sin hjortekurv. Årets folkejury stemte fram Helle kjøtt sin kurv av storfe som sin favoritt.

Kultur og kvalitet

- Valdres Sommersymfoni er oppteken av berekraftig og kortreist mat, og serverer kurv til både utøvarar og frivillige her under festivalen i tråd med lokalmatprofilen vår, seier Mona Kleven frå Valdres Sommersymfoni. Festivalen er mellom dei mest verdsette innan klassisk musikk i Noreg , og har over 9 000 besøkande kvar sommar. Publikummet møter verdenskjente musikarar i vakre omgjevnadar som bl.a. låvar, (stav)kyrkjer eller utandørs.

Matregionen Valdres

Valdres er ein viktig matregion både i Innlandet og nasjonalt med mange lokalmatprodusentar som tilverkar lokalmat av høg kvalitet. Heile fire matprodukt i regionen kan bruke det høgthengande merket «beskyttet benevnelse». Dette er: Kurv frå Valdres, Rein frå Jotunheimen, Setersmør/Stølssmør og Rakfisk fra Valdres. Beskytta nemning er ei offentleg merkeordning som sikrar at norske matskattar får det vern og verdsetting dei fortener.

Statsforvalteren i Innlandet samarbeider med Valdres Natur- og Kulturpark for å auke verdiskapinga av lokalmat i Valdres. Lokalmat frå regionen er også viktig i merkevarebygginga av regionen.

 

Kontaktpersoner