Statsforvaltaren i Agder deltek i Kong Harald Vs gravferd

Publisert i dag kl. 08:48

Statsforvaltar i Agder, Gina Lund, deltek i gravferda til Kong Harald V onsdag 9. september. Saman med dei andre statsforvaltarane i landet vil ho følgje båra frå Det kongelege slott til Oslo domkyrkje, og ho vil også delta på mottakingar i Oslo rådhus og på Slottet.

Kong Harald Vs båre forlèt Det kongelege slott onsdag 9. september klokka 12.00 og vert ført i prosesjon til Oslo domkyrkje. Båra vert følgd av kongefamilien, utanlandske kongelege, statsoverhovud og statsministrar, representantar for det offisielle Noreg og for Slottet.

Ved starten av gravferdsseremonien klokka 13.00 vert det halde eitt minutts stille over heile landet. Stilla vert innleidd og avslutta med tre klokkeslag.

Etter gravferda vert båra ført i prosesjon til Akershus slottskyrkje, der det vert halde ei privat seremoni for familien og kongelege gjester. Stortingspresidenten, statsministeren, høgsterettsjustitiarius og presidentane frå Island og Finland vil òg vere til stades.

Mottakingar

Samtidig med den private seremonien inviterer regjeringa utanlandske statsoverhovud, regjeringsrepresentantar og nasjonale og internasjonale gjester til ei mottaking i Oslo rådhus.

Etter seremonien i Akershus slottskyrkje kjem Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga ut i borggarden på Akershus festning. Flagga som har vore på halv stong, vert heiste til topps, og det vert fyrt av dobbel kongesalutt. Samstundes vil kyrkjeklokkene i landet ringje i éin time.

Kongeparet held deretter ei mottaking på Slottet, der representantar for det offisielle Noreg, tilreisande statsoverhovud, kongelege og familien deltek.

Statsforvaltaren sitt oppdrag

Statsforvaltaren er regjeringa og Kongen sin fremste representant i fylket. Statsforvaltaren er utnemnd av Kongen i statsråd og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. I dette ligg òg rolla som bindeledd mellom lokale og nasjonale styresmakter.

I tillegg har Statsforvaltaren ansvar for å leggje til rette for kongelege besøk i Agder og for administrasjonen av Kongens fortenstmedalje.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for mer informasjon.
Dag Ole Teigen
kommunikasjonsdirektør, Statsforvalteren i Agder