Lisensfelling av ulv i Agder 2020/2021

Lisensfelling av ulv føregår frå 1. desember 2020 til 31. mai 2021 eller til kvotene er fylte. Her finn du informasjon om lisensfelling av ulv i rovviltregion 1 og rovviltregion 2.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.12.2020

Lisensfelling av ulv i Agder er dela mellom to rovviltregionar, region 1 og region 2. Tidlegare Vest-Agder inngår i region 1, medan tidlegare Aust-Agder inngår i region 2. Rovviltnemndene i kvar region har fastsett kvoter og vilkår for lisensfellinga.

Kvote i region 1

Rovviltnemnda i region 1 har vedtatt at inntil tre (3) ulvar kan fellast. Kvota er felles for heile regionen. Vedtaket kan lastast ned frå Miljøvedtaksregisteret. For å høyre tilgjengeleg kvote i region 1 kan ein ringje 51 56 89 00.

Kvote i region 2

Rovviltnemnda i region 2 har vedtatt at inntil tre (3) ulvar kan fellast. Kvota er felles for heile regionen. Vedtaket kan lastast ned frå Miljøvedtaksregisteret. For å høyre tilgjengeleg kvote i region 2 kan ein ringje 32 26 67 00.

All irregulær avgang frå og med vedtaksdatoane blir trekt av lisensfellingskvota i gjeldande rovviltregion.

Lisensfellinga kan bli stoppa eller fastsette kvoter endra dersom nye bestandsopplysningar, opplysningar om irregulær avgang eller omsyn til genetisk viktig ulv tilseier det.

For å kunne delta i lisensfelling må du registrere deg som lisensjegar. Du finn informasjon om korleis du registrerer deg som lisensjegar her. Lisensjegarar i region 2 pliktar òg å registrere seg på Fylkesmannens SMS-varsling for lisensjegere.

Jegerane pliktar å halde seg orientert om det er felt dyr, og skal minimum ringje informasjonstelefonen (sjå høgre kolonne) kvar dag før jaktstart og mellom kl 14 og 15. Jakta er slutt straks kvotene er fylte.

Dersom ein ulv blir felt eller skoten på, pliktar jegar straks og innan 30 minutt å gjeva melding til Fylkesmannen i Agder sin vakttelefon for rovvilt: 409 16 574. Meld også straks ifrå til lokal rovviltkontakt, som vil kontrollere det felte dyret.

Lisensfelling av ulv krev tillating frå grunneigar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner

Ulvejakt - kontaktinfo

Infotelefon ulv Aust-Agder:
32 26 67 00

Infotelefon ulv Vest-Agder:
51 56 89 00

Vakttelefon rovvilt:  409 16 574
(meldinger på SMS sendes også til mobil: 957 29 269)