Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Erstatning ved tap av sau på beite

Har du hatt store tap av sau på utmarksbeite denne sesongen som kan skuldast andre årsaker enn freda rovvilt? Erstatningsordninga "Tap av sau på beite" kan redusere økonomiske tap.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.10.2014

Forskrift om erstatning ved tap av sau på beite har som formål å yte erstatning for å redusere økonomisk tap det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Ordninga gjeld for sau tapt på utmarksbeite. Tap forårsaka av freda rovvilt vert ikkje erstatta gjennom denne ordninga, men ordninga er aktuell dersom det er andre årsaker til store tap som alveld, flåttrelaterte sjukdommar m.m.. Eigendelen er 30 % av nettotapet. Det vert ikkje betalt ut erstatning på mindre enn kr 15 000.

Erstatningssatsane er standardiserte i ”Forskrift om erstatning etter offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og dyreproduksjon”.

Søknadsskjema og frist
Det kan søkjast om erstatning elektronisk via AltInn eller på eige skjema fastsett av Landbruksdirektoratet. Regelverk og søknadsskjema finn de lenke til nederst i artikkelen.

Søknaden må innehalde følgjande opplysningar:

• Liste over tapte dyr og individnummer fordelt på dyreslag, kjønn og alder i månader
• Oversikt over kva dyr som er tenkt som livdyr (norm for påsett av livlam er 35 %. Dersom besetninga er under oppbygging, kan eit høgare tal livlam verte erstatta)
• Søkjaren si eiga skildring av føretaket sitt husdyrhald og det oppståtte tapet (tapsårsaker)
• Kva tiltak som er sett i verk for å redusere tap
• Loggføring av tilsyn. I forskrift om velferd for småfe og i Regionalt miljøprogram for Vest-Agder er det krav om tilsyn minst ein gong pr. veke. Ved mistanke om auka fare for tap må tilsynet intensiverast. Dersom tilsynet ikkje har vore tilstrekkeleg, kan erstatningssummen avkortast. Loggen skal innehalde dato for gjennomført tilsyn, og kva for observasjonar som vart gjort under tilsynet. Det bør så godt det let seg gjere gjerast greie for når tapssituasjonen oppstod, og kva tiltak som vart sett i verk i løpet av sesongen for å redusere tapa.
• Veterinærattest: Dersom skadeårsak er ukjent og dyra som er tapt ikkje vert funne, vil ein ikkje krevje veterinærattest. Vedlagt uttale frå veterinær om tilhøva ved husdyrhaldet og mogleg tapsårsak vil styrke søknaden.

Kommunane skal godkjenne søknaden. Søknadsfrist er 31. desember det året tapet oppstod. Meir informasjon om ordninga finn de hjå Landbruksdirektoratet.