Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Vergemålseininga er stengt i romjula

Grunna samanslåing av datasystem vil vergemålseininga hos Fylkesmannen i Telemark ikkje kunne behandle søknader frå 21. desember til 7. januar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.11.2018

Fylkesmannen ber om at søknader og saker som ikkje kan vente til januar 2019, blir sendt så snart som mogeleg, og gjerne innan 1. desember. Dette gjeld særleg søknader om bruk av kapital.

Også på andre fagområde vil det kunne bli forseinkingar i denne perioden. Vi er tilgjengeleg for generell rådgjevning på telefon i opningstida, og postgangen vil også gå som normalt. Fylkesmannen seier seg lei for ulempene stenginga kan føre til for brukar og samarbeidspartnarar.

Frå 1. januar 2019 er fylkesmannsembeta i Vestfold og Telemark slått saman til ein organisasjon. Det vil kunne føre til nokre endringar i praksis og vedtak på verjemålsområde. Det er difor ekstra viktig at ein les vedtaka frå Fylkesmannen nøye.