Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

3 millionar kroner til klimavennlege byggjeprosjekt i Skien

Gjennom tilskotsordninga Klimasats har Miljødirektoratet delt ut i alt 150 millionar kroner til norske kommunar og fylkeskommunar. Midlane går til prosjekt som hjelper til klimagassreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.06.2018

Ein av søknadene som har fått god utteljing denne gongen er frå Skien kommune som har fleire klimaambisiøse byggjeprosjekt på gong. Blant desse er blant anna nytt bu- og dagsenter i Kverndalen som skal byggjast som passivhus og med utsleppsfri byggjeplass.

Stønaden frå Klimasats er på 3 millionar kroner og skal dekkje meirkostnader ved å nytte meir klimavennleg materiale enn det som elles ville blitt nytta. Klimanytte og meirkostnader ved klimavennleg materialbruk skal bereknast slik at kommunen kan prioritere dei mest kostnadseffektive klimatiltaka.

Tiltak og moglegheiter for å erstatte miljøbelastande materiale med blant anna massivtre er forankra i Skien kommune sin nyleg utarbeidde klima- og energiplan.