Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Tilfredsstillande utslepp frå tre biobrensleanlegg

Hausten 2013 deltok Fylkesmannen i ein landsomfattande kontrollaksjon og kontrollerte tre forbrenningsanlegg for reine brensel. Reine brensel er oljar, kull, biobrensel og gass.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.03.2014

Dei tre kontrollerte anlegga er i hovudsak basert på bruk av biobrensel i form av oppflisa skogstrevirke supplert med olje som støttebrensel. Vi kontrollerte Thermokraft AS på Notodden, Skien Fjernvarme AS og Bø fjernvarme AS. Til saman ga vi 7 avvik. Avvika er i hovudsak knytt til manglar ved internkontrollen. Det manglar til dømes risikovurderingar for ytre miljø og skriftlege rutinar for drift og vedlikehald, blant anna for kontroll med brenseltype. Det er også gitt eit par merknader som gjeld handtering av avfall eller farleg avfall.

På landsbasis viste kontrollen som eit hovudfunn at mange anlegg ikkje gjer målingar av utsleppa til luft. Slik er det ikkje i Telemark da det blir gjort målingar på alle dei tre anlegga. Målingane blir gjort som oppfølgjande garantimålingar frå omnsleverandørane ettersom dei tre anlegga alle er ganske nye. Målingane ved dei tre anlegga tilfredsstiller utsleppskrava som er regulert i forskriften.