Tilskot til psykolog i kommunal helse- og omsorgsteneste
- Søknadsfrist:
- 10. februar 2019 23.59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarlig:
- Helsedirektoratet v/Fylkesmannen
- Hvem kan søke:
- Kommunar; ved Helse- og omsorgstenesta
Med atterhald om Stortingets budsjettvedtak er det utlyst tilskot til psykologstillingar 2019.
Lovkrav om at kommunane skal ha psykologkompetanse trår i kraft frå 2020. Tilskotsordninga er eit sentralt verkemiddel for å auke rekrutteringa og bidra til at psykologkompetanse vert tilgjengeleg over hele landet ved innføring av lovkravet.
Rekruttering av fleire psykologar i kommunale helse- og omsorgstenester er ein av regjeringas satsingar for å styrke kvalitet og kompetanse i det tverrfaglege arbeidet innan psykisk helse og rus, vald- og traumefeltet. Det har vore sterk auke i talet på psykologar dei siste åra. Samtidig er det framleis mange kommunar som ikkje har psykologkompetanse.
I 2019 er tilskotsbeløpet styrka med 50 mill. kroner, og det vert difor lagt til rette for at alle kommunar kan få tildelt tilskot før lovkravet trer i kraft. 2019 er siste året det er mogeleg for kommunane å søke om tilskot. Frå 2020 vert midlane lagt inn i kommunens frie inntekter.
Kommunar som tidlegare ikkje har mottatt tilskot vert prioriterte.
- Søknadsfrist:
- 10. februar 2019 23.59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarlig:
- Helsedirektoratet v/Fylkesmannen
- Hvem kan søke:
- Kommunar; ved Helse- og omsorgstenesta