Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Justiskomiteen fekk innføring i beredskap

Fylkesmannen var i går vertskap for ein interessert justiskomite frå Stortinget, som fekk ei innføring i krisehandtering frå eit breitt spekter av aktørar. I tillegg viste vi fram nye metodar som vi arbeider med å ta i bruk. Justiskomiteen gav uttrykk for at dei hadde lært mykje.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.10.2018

Fungerande fylkesmann Gunnar O. Hæreid og fylkesordførar Jenny Følling ønskte komiteen velkomen til Sogn og Fjordane. Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand innleia så om Fylkesmannen sine samfunnstryggleiksoppgåver, før Mari Severinsen følgde opp med innlegg om risiko og sårbarheit i fylket.

Andre som var med og bidrog med ulike perspektiv på beredskapstemaet:

  • Sigvald Kvinge (brannsjef i Gulen og Masfjorden)
  • Sven Flo (ordførar i Stryn)
  • Brigt Samdal (regionsjef NVE)
  • Arne Johannessen (Politiet)
  • Stein Morten Rønningen (Sivilforsvaret)
  • Øyvind Bang-Olsen (styreleiar i Alarmsentralen Sogn og Fjordane)
  • Geir Gjørsvik (Paneda AS)
  • Terje Mowatt (sorenskrivar, Sogn og Fjordane tingrett)