Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Satellittelefonen trengs når alt anna sviktar

Frå tid til annan opplever vi bortfall av tele- og internettenester. I slike tilfelle er det viktig at dei som har ansvaret for å handtere kriser har andre høve til å kommunisere med kvarandre.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.01.2018

Satellittelefon kan vere eit godt alternativ. I veka før jul trena Fylkesmannen og 18 kommunar på å bruke satellittelefon. Øvinga gav oss fleire viktige lærdommar, og vår klare erfaring er at slike øvingar er viktige. Vi erfarte mellom anna at dekning og talekvalitet kan variere mykje i løpet av ein samtale. Likevel kunne vi stort sett gjere oss forstått. Sjølv om samtalane kunne verte brotne etter eit par minutt, var det råd å utveksle mykje informasjon på den tida.

I ei krise kan difor satellittelefonen vere eit heilt avgjerande kommunikasjonsverktøy når alt anna sviktar. For at vi skal ha god nytte av den når det verkeleg trengs, er det viktig at vi trener på å bruke utstyret med jamne mellomrom. Øvinga bidrog mellom anna til å avdekke utstyr som ikkje fungerte. Nokre kommunar vurderer difor å investere i nytt og betre utstyr.