Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Nytt EU-nettverk skal gje meir innovasjon i fylket

EU-nettverk Sogn og Fjordane skal hjelpe lokale aktørar inn i verdas største forskingsprogram, Horisont 2020. Første prosjektverkstad vert arrangert i Sogndal 31. mai, med hovudtema IT og beredskap.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.05.2017

Etablering av EU-nettverk Sogn og Fjordane
Horisont 2020 er EUs forskings- og innovasjonsprogram. Programmet skal støtte forsking og innovasjon med stor samfunnsnytte, og har eit budsjett på 80 milliardar Euro for perioden 2014-2020. Norske søkjarar stiller på lik linje med søkjarar frå EU-land. Forskningsrådet har no gitt støtte til etableringa av EU-nettverk Sogn og Fjordane.

Det nye nettverket vart oppretta etter initiativ frå Vestlandsforsking, og skal bidra til eit tettare samarbeid mellom offentleg sektor, næringsliv og forskingsmiljø i Sogn og Fjordane. Vestlandsforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane næringsråd og Høgskulen på Vestlandet utgjer kjernegruppa i prosjektet. Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge og NHO er representert i nettverket gjennom ei koordineringsgruppe. Saman vil desse aktørane jobbe for ei brei deltaking i nettverket, og auka samarbeid på tvers av sektorar.

Energi, miljø, klima og IT
EU-nettverk Sogn og Fjordane vil gje draghjelp til prosjekt innan energi, miljø, klima og IT. Områda er valde både fordi fylket vil ha behov for kompetanse på desse felta i framtida, og fordi fylket allereie har sterke aktørar og stort potensial innan felta. Alle som arbeider innan desse felta kan delta i nettverket, anten dei er frå offentlege etatar, forskingsmiljøa eller næringslivet i Sogn og Fjordane. Gjennom nettverket vil dei få auka kompetanse, finne nye samarbeidspartnarar og få hjelp til å søkje på Horisont 2020-middel.

Det nye EU-nettverket skal leggje til rette for nye møteplassar. Aktiviteten vil bli koordinert med andre arrangement for næringslivet i fylket. Nettverket vil hente inn ressurspersonar utanfrå til lokale arrangement, og arrangere studieturar til Brussel og Horisont 2020-arrangement i Norge og Europa. Det vil kome ei eiga nettside med relevant informasjon for Sogn og Fjordane.

Inviterer til prosjektverkstad
EU-nettverket inviterer til prosjektverkstad i Sogndal 31. mai. Hovudtemaet for verkstaden er IT og beredskap, og han er særleg relevant for verksemder som arbeider med helse, tryggleik, klimaomstilling eller energi. Føremålet med verkstaden er å bli betre kjend med kvarandre og samarbeide om idear til konkrete prosjekt som kan få støtte frå Horisont 2020.

Deltakarane på prosjektverkstaden får mellom anna høyre frå Henning Maagerud i Forskningsrådet om kva moglegheiter som finst for IT-sektoren i H2020 framover. Deretter vil adm. dir. Geir Gjørsvik frå Paneda, fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand og forskar Rajendra Akerkar innleie om erfaringar og moglegheiter innan IT og beredskapsområdet.

Deltaking på prosjektverkstaden er gratis. Påmelding innan 24. mai til Vestlandsforsking v/ prosjektleiar Zuzana Nordeng zno@vestforsk.no.