Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Møte om skogbrannfaren

Brannsjefane, alarmsentralen og Fylkesmannen drøfta skogbrannberedskap med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.06.2018

Onsdag 6. juni hadde vi eit møte med brannsjefane i fylket, alarmsentralen og DSB om handteringa av den store faren for skogbrann.

DSB orienterte om status for den nasjonale skogbrannberedskapen, med vekt på helikopterstøtte, leiarstøtte og støtte frå Sivilforsvaret. Dei nytta òg høve til å gi gode tilbakemeldingar på korleis brannane i Solund og Vågsøy har vorte handtert. Brannsjefane i dei to kommunane delte erfaringane sine, og la særleg vekt på at samhandling og koordinering med støtteressursane hadde fungert svært godt.

Eit tema som vart drøfta er korleis kommunane skal stille seg til bålbrenning på jonsokaftan. Det var semje mellom brannsjefane at det må vere ei mest mogleg felles haldning. Dersom dagens vêrsituasjon held fram i dagane som kjem, vil det vere uaktuelt med jonsokbål.