Myr

Verneplana for myr omfattar 20 område med eit samla areal på 25,8 kvadratkilometer.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Myrane har ein viktig funksjon i vassreguleringa, og utgjer ein viktig del av landskapet. Dei er også biologiske arkiv som kan fortelje mykje om klima, vegetasjonsutvikling og kulturhistorie etter siste istid. Derfor er det viktig å ta vare på denne naturtypen.
Sætremyrane, Hornindal - Prestestøylen, Stryn - Tjønnane, Stryn - Tvinna, Stryn - Kloppemyrane, Gloppen - Storemyra, Bremanger - Eldedalen, Bremanger - Sandvikseidet, Selje - Dekkjene, Selje - Movatna, Vågsøy - Eikevolltjønnmyra, Flora - Tuemyra, Flora og Naustdal - Kleppsstølsvatnet, Naustdal - Myklebustdalen, Jølster - Gjerlandsøyane, Førde - Svarteliåsmyra, Gaular - Sørebømyrane, Fjaler - Lona, Fjaler - Grima, Gulen - Yngsdalen, Luster
Yngsdalen naturreservat
Dalbotnen og nedre delar av liene er prega av fattige, relativt grunne fastmatte-bakkemyrer. Mindre flatmyrar førekjem også. Fattigmyrane er dominerte av bjønnskjegg, saman med sveltstorr, stjernestorr, blåtopp m.fl.
Publisert 26.10.2016
Grima naturreservat
Området er eit ope heilandskap der myrane ligg i søkk og svake hall (opptil 4g ) med glidande overgang til heivegetasjon.
Publisert 26.10.2016
Lona naturreservat
Store flatmyrar i veksling med stilleflytande elveløp, tjørner og bakevjer pregar området. Parti med nedbørsmyr (planmyr) inngår i flatmyrkomplekset. Intermediær flatmyr utgjer betydelege areal.
Publisert 26.10.2016
Sørebømyrane naturreservat
Sentralt ligg ein flat dalbotn med eit større flatmyrområde, til dels eroderte utformingar med lausbotn, og der også planmyr førekjem. To elvar renn over flata, den eine med ei viss meandrering.
Publisert 25.10.2016
Svarteliåsmyra naturreservat
Området ligg på eit avrunda høgdedrag nær Skilbrei i Gaular. Den eigentlege Svarteliåsmyra er ei stor flatmyr (attgroingsmyr) som deler høgdedraget i to.
Publisert 25.10.2016
Gjerlandsøyane naturreservat
Den største myra ligg på austsida av Gjerlandselva, og er ei planmyr prega av jamne matter og utan nemnande tuedanning, og med vegetasjon av bjønnskjegg, kjøttorvmose, vortetorvmose, dessutan torvull, tranebær m.fl., også noko heigråmose.
Publisert 25.10.2016
Myklebustdalen naturreservat
Området er dominert av fattige bakkemyrar, til dels tresette med bjørk, men går ned mot dalbotnen over i flatare myrtypar. Både element av planmyr og kanthøgmyr er representerte, og ei tuedominert, ringforma høgmyr med fastmattedominert flatmyr i midten.
Publisert 25.10.2016
Kleppsstølsvatnet naturreservat
Store flatmyrar, med fattig fast- og mjukmattevegetasjon, til dels i nivå med to stilleflytande elvar som renn saman, pregar området. Ombrotrofe parti (planmyr) med låge tuer inngår i dette komplekset.
Publisert 21.10.2016
Tuemyra naturreservat
Det sentrale vernemotivet er ei planmyr med uvanleg velutvikla erosjonsformer.
Publisert 21.10.2016
Eikevolltjønnmyra naturreservat
Vest for Eikvolltjørna er ei velutvikla høgmyr som i sør og nord har utvikla svak lagg, men som i vest går direkte over i fastmark (innmark).