Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Regionalt miljøprogram - søknadsomgangen 2014

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane skal stimulera til å ta vare på og utvikla det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. Tilskota i miljøprogrammet er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak i drift som oppfyller visse vilkår.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.07.2014

Endringar i miljøprogrammet for 2014

  • Førebelse satsar til skjøtsel av bratt areal er auka opp i høve til tidlegare søknadsomgangar.
    Nye førebelse satsar for skjøtsel av bratt areal:
    Areal med helling 1:5 til 1:3: kr 250 pr. daa
    Areal med helling 1:3 eller brattare: kr 375 pr. daa
  • Tilskot til skjøtsel av kystlynghei er teke ut av programmet i 2014 i samsvar med føringane i årets Jordbruksoppgjer grunna omlegginga av produksjonstilskot til utegangarsau.
  • For skjøtsel av særleg verdifulle slåtte- og beitemarker er det ikkje lenger eit formelt krav at lokaliteten skal vera registrert i eller godkjent for registrering i Naturbasen av Fylkesmannen

Tilskotsordningar i Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane 2014

  • Beite av lokalt verdifulle jordbrukslandskap (gjeld ammegeit og kje)
  • Skjøtsel av bratt areal
  • Beite i utmark (gjeld beitedyr i utvalde verneområde og nasjonalparkar)
  • Skjøtsel av styvingstre
  • Slått av biologisk verdifulle areal
  • Beite av biologisk verdifulle areal
  • Bevaringsverdige husdyrrasar
  • Drift av enkeltstøl med mjølkeproduksjon
  • Drift av fellesstøl med mjølkeproduksjon
  • Skjøtsel av gravminne (gjeld gravrøyser og gravhaugar frå bronse- og jernalder)
  • Skjøtsel av bakkemurar, trerekkjer og skigardar (gjeld i Sogn og Fjordane for steingardar og bakkemurar)
  • Drift av beitelag (beitelaga har eigen søknadsfrist: 10. november 2014)

Søknadsinformasjon

  • Alle føretak som kan søkja produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Sogn og Fjordane og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordingane, kan søkja
  • Alle føretak som søkte om produksjonstilskot i Sogn og Fjordane i august 2013 og /eller januar 2014 får tilsendt informasjon i posten innan søknadsfristen 20.august 2014
  • Det er ein føresetnad at føretaket har oppdatert og godkjent miljøplan trinn 1 for å kunna søkja om tilskot frå Regionalt miljøprogram (unntak: beitelaga)
  • Alle beitelag som er godkjende av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane får tilsendt informasjon i posten innan eigen søknadsfrist 10.november 2014
  • Ein kan søkja elektronisk via Altinn fom 1.august, eller på papirsøknad. Papirsøknadar skal leverast til kommunal landbruksforvaltning som handsamar og godkjenner alle søknadane. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er klageinnstans
  • Alle tilskotssatsane i Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane er førebelse. Endelege satsar vert sett på grunnlag av søknadsmengde
  • Tilskot vert utbetalt til den einskilde søkjar frå Landbruksdirektoratet i februar 2015

Søknadsfrist 20.august 2014