Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Evaluering av regionalt miljøprogram i Sogn og Fjordane

På oppdrag frå Landbruksdirektoratet har fylkesmennene evaluert sine regionale miljøprogram. Evalueringa skulle ta for seg måloppnåing og effekt av tiltaka i programmet, finne forbetringspotensiale og auke i måloppnåinga av tiltaka, samt svare på definerte spørsmål.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.04.2017

Bakgrunnen for regionale miljøprogram

Gjennom handsaminga av St. meld nr 19 (1999 – 2000) om norsk landbruk og matproduksjon vart det bestemt at det skulle innførast eit miljøprogram for landbruket. Det vart såleis innført fylkesvise miljøprogram fom 2005, og programma vert finansierte over jordbruksavtalen. Den overordna målsettinga med miljøprogramma er å auke målrettinga av miljøarbeidet i landbruket og gjere den samla miljøinnsatsen i landbruket meir synleg. Produksjonsforhold og miljøutfordringar varierer til dels sterkt mellom fylka, og regionale miljøprogram kan både definere utfordringane og utforme verkemidla betre enn mål og ordningar som gjeld for heile landet.

Regionalt miljøprogram for Sogn Fjordane

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane skal stimulere til å ta vare på og utvikle det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. Tilskota i miljøprogrammet er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak i drift som oppfyller visse vilkår. Tilskota i miljøprogrammet skal fungere som betaling for miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Alle føretak som kan søkje produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Sogn og Fjordane og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søkje. Beitelag som er registrerte i einingsregisteret og som er godkjende av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kan søkje om tilskot til Organisert beitebruk.

Evaluering av dei regionale miljøprogramma

Dei fylkesvise miljøprogramma har hatt programperiodar på fire år med rullering kvart fjerde år sidan oppstarten i 2005. Mellom anna for å leggje til rette for ei best mogeleg samordning med den forvaltningsløysinga for produksjonstilskot som no vert utvikla, samt med rulleringa av Regionalt bygdeutviklingsprogram, er inneverande programperiode (2013-2016) forlenga til å gjelde ut 2018. Endelege føringar for rulleringa vil kome sommaren 2017 i etterkant av Jordbruksforhandlingane. Som eit ledd i sitt arbeid med rulleringa av det regionale miljøprogrammet fekk fylkesmennene i oppdrag å gjere ei evaluering av erfaringar og resultat frå denne programperioden; sjå vedlagt rapport.

Evaluering av Regionalt miljøprogram i Sogn og Fjordane