Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Regonalt miljøprogram 2014 - endelege tilskotssatsar

Fylkesmannen har på bakgrunn av tildelt ramme frå staten, endelege søknadstal og etter samråd med faglaga i landbruket fastsett endelege tilskotssatsar for Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane 2014.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.01.2015

Endra satsar:

  • Tilskot til skjøtsel av bratt areal med helling mellom 1:5 og 1:3 er auka frå førebels sats 250 kr/daa til 270 kr/daa
  • Tilskot til skjøtsel av bratt areal med helling brattare enn 1:3 er auka frå førebel sats 375 kr/daa til 405 kr/daa
  • Tilskot til støl med mjølkeproduksjon over 6 veker (enkel og fellesstøl) er auka frå 29 000 kr/støl til 30 000 kr/støl
  • Tilskot til drift av beitelag, Organisert beitebruk, er auka frå 5 kr/heimsanka småfe til 9 kr/heimsanka småfe, og frå 10 kr/heimsanka storfe til 17 kr/heimsanka storfe

Utover desse nemnde endringane er det ingen endringar i høve til førebelse tilskotssatsar for Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane 2014 (sjå Rettleiingsheftet for Regionalt miljøprogram 2014).

Tilskota i miljøprogrammet for 2014 vil bli utbetalt til søkjar 25. februar 2015. Dei som søkte elektronisk får tilskotsbrevet digitalt i Altinn. Dei som søkte på papir vil få tilskotsbrevet tilsendt i posten.