Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Kommunale rammer til SMIL- og dreneringsordninga for 2016

Fylkesmannen har fordelt 6 150 000 kroner til kommunane i tilskotsramme til spesielle miljøtiltak i jordbruket og 1 830 000 kroner til tilskotsordninga for drenering av jordbruksareal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.01.2016

SMIL

Av ei samla løyving på 95 millionar kroner over jordbruksavtalen til SMIL-ordninga i 2016, har Sogn og Fjordane fått tildelt 5,9 millionar kroner. I tillegg kjem overførte midlar frå i fjor. Fylkesmannen fordeler midlane til kommunane ut frå tal mottakarar av produksjonstilskot, omfanget av jordbruksverksemd og ei vurdering av behov og bruk av midlane i kommunane.

Kommunane kan innvilge SMIL-tilskot til gjennomføring av tiltak som:

  • ivaretek natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet
  • medverker til å hindre eller redusere ureining frå jordbruket

Kommunane har lokale søknadsfristar og prioriterer søknader etter lokale retningsliner og eigne tiltaksstrategiar.

Drenering

Nasjonalt er det sett av 80 mill. kroner til tilskot til drenering, der Sogn og Fjordane vart tildelt 0,5 mill. Ubrukte midlar frå 2015 vert lagt til denne summen og fordelt på kommunane. I fordelinga har vi lagt vekt på søknadsomfanget til dreneringsordninga i kvar kommune i 2015, og statistisk fordeling av fulldyrka areal på ulike vekstgrupper.

Landbruksdirektoratet har varsla om at forskrifta om tilskot til drenering vil bli endra slik at det frå 2016 òg kan løyvast tilskot til planerte areal som ikkje er drenert tidlegare.