Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

9,4 millionar til utsiktsrydding

Sogn og Fjordane har fått tildelt vel 9,4 mill kr som skal nyttast til utsiktsrydding i 2018. Det er ein stor pott, og vi ynskjer oss mange og gode søknadar. Søknadane vil bli handsama fortløpande. Det er ingen søknadsfrist, men siste innsendingsfrist er 15. oktober.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.03.2018

Kva strekningar kan godkjennast?

Tilskotet gjeld utsiktsrydding langs ferdselsårar som vegar, stiar og vegnære utsiktspunkt som gjev auka utsikt til landbruket sitt kulturlandskap. Strekningane som skal ryddast må vera tilgjengeleg for og kunna nyttast av ålmenta. Dersom arealet som vert rydda er egna som beite, er det krav om at arealet vert beita i minimum dei tre første åra etter rydding. Ved rydding av beite langsmed ferdselsårar vil den delen av beitet som gjev auka utsikt frå vegen gjennom rydding kunna søkast om tilskot for gjennom denne ordninga. Tiltaket skal syna fram landbruket sitt kulturlandskap, og det skal vera positivt og for reiselivet. Det er vidare positivt om rydningsvirket eller deler av ryddingsvirket kan nyttast til bioengeri (ikkje krav).

Kva er utsiktsrydding?

Utsiktsrydding er fjerning av tre, renningar og busker langsmed ferdselsårar som veg og sti for å gje brukarane betre utsikt til det kringliggande landskapet. Utsiktsrydding er sjeldan snauhogst, men skal utførast i form av stammekvisting og avstandsregulering. Dette reduserer solinnstrålinga til botnvegetasjonen, og saman med stubbebehandling reduserer det gjenvekst av ny vegetasjon, samstundes som det gjev auka utsikt. Denne metoden blei utprøvd med gode resultat i eit prosjekt som Fylkesmannen dreiv tidlegare; Opne landskap, og ordninga Tilskot til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap vart innført i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal frå nasjonalt hald fom 2016.

Kven kan søkja?

Alle føretak med organisasjonsnummer og grunneigarløyve kan søka om tilskot. Det vil sei at både grunneigarar, grunneigarlag, andre lag/organisasjonar, kommunar med fleire kan søka om tilskot. Det kan gjevast inntil 70% tilskot av godkjent ryddekostnad.

Korleis skal de søkja?

Søknadsskjemaet under skal nyttast, og bilde og kart samt kopi av eventuelle grunneigaravtalar eller beiteavtalar skal leggjast ved søknaden. Søknadane vert handsama fortløpande. Det er ingen søknadsfrist, men siste innsendingsfrist er 15. oktober.

Nærare informasjon og søknadsskjema

For nærare informasjon om tilskotsordninga sjå:

Rettleiing til utfylling av søknadsskjema og utføring av utsiktsrydding
Forskrift om tilskot til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
Retningslinjer for tilskot til utsiktsrydding i Sogn og Fjordane 2016
Søknadsskjema