Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Samanslåing av politiske parti

Nesten 1 av 3 partiledd skal ta del i ei samanslåing frå 1.1.2020. Fylkesmannen skal informere og rettleie i denne prosessen, og nokre grep kan gjere den enklare for alle partar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.02.2018

Ein av konsekvensane ved kommunesamanslåing er at også partiledd på tvers av dagens kommunar må slå seg saman. Dette gjeld nesten 1000 partiledd frå 1.1.2020, altså om lag 1 av 3 partiledd i landet. Det er i stor grad opp til partia sjølve korleis samanslåinga skal skje, så sant ein held seg innanfor lova si avgrensing og partiet sine vedtekter.

I 2017 tok Fylkesmannen i Sogn og Fjordane over forvaltinga og utbetalinga til alle kommune- og fylkesparti og fylkesungdomsorganisasjonar. Dette driftast via nett på Partiportalen. Partistøtta er geografisk avgrensa, og det betyr at berre eitt ledd frå kvar partiorganisasjon kan søke støtte.

For å få partistøtte må ein søke ein gong i valperioden og oppdatere partiopplysingar minst ein gong i året. I tillegg har alle partiledd som var aktive i 2017, inkludert dei som ikkje har rett til å ta imot støtte, rapporteringsplikt. Det er SSB som har ansvaret for denne økonomirapporteringa, som gjerast via partiportalen på Altinn.

For å redusere det administrative arbeidet for partia, SSB og Fylkesmannen i samband med samanslåinga ønskjer vi å bidra med nokre råd:

  • Å slå saman partiledda ved årsskiftet er gunstig fordi rapporteringsplikta følgjer kalenderåret. Ved samanslåing av to eller fleire partiledd kan det vere lurt å setje verknadsdato til 1. januar. Ein kan fint samarbeide sjølv om verknadsdatoen er sett fram i tid, men poenget er å halde økonomien åtskild fram til årsskiftet.

  • Om samanslåinga finn stad før årsskiftet bør ein vidareføre organisasjonsnummeret til eitt av partiledda. På denne måten kan ein rapportere samla for heile året, både som det gamle partileddet og som nytt parti. Om ein vel å ikkje vidareføre organisasjonsnummeret må ein rapportere frå 1.1. fram til verknadsdato for samanslåing, for deretter å rapportere særskild for det nye partileddet frå verknadsdatoen og ut året.

Det er viktig at de held partiopplysingane i partiportalen oppdaterte, då kontaktpersonane som er oppførte vert ein direkte kommunikasjonskanal til partileddet. I februar vil SSB sende ut eigen informasjon til dei aktuelle partiledda, i tillegg til å supplere med opplysingar på Partiportalen.

Planen er at dei politiske partia og partiledda skal kunne rapportere for rekneskapsåret 2017 frå og med 4. april 2018. Frist er som vanleg 1. juni.